Luster kommune Hovedbilde

Assistent/fagarbeidar årsvikariat - Gaupne barnehage

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Luster kommune Luster Deltid

Om stillinga

Det vert ledig inntil 80 % årsvikariat som assistent/fagarbeidar ved Gaupne barnehage frå 15.08.2022 – 31.07.2022.

Om eininga:

Gaupne barnehage er den største barnehagen i kommunen med kapasitet på inntil 132 plassar fordelt på seks avdelingar. Det er per i dag om lag 30 tilsette i barnehagen. Barnehagen er praksisbarnehage for studentar frå HVL.

Barnehagen har vore under ombygging siste året og frå barnehagestart i august vil ny avdeling i tillegg til ny personalavdeling vera klare. Gaupne barnehage ligg flott til mellom mange fine turområde med kort veg til oppgradert utebase i Grindane og leikeområde i «Pulverheksskogen» på Grandane.

Satsingsområde er psykisk helsefremjande barnehage, inkluderande leikemiljø, fysisk aktivitet og friluftsliv. Det er eit godt fagmiljø i barnehagen der personalet er opptekne av fagleg og kollegial utvikling, barnets beste og foreldresamarbeid.

Kvalifikasjonskrav


Om deg

  • gode samarbeidsevner
  • tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
  • vere fleksibel og skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
  • likar å vera ute
  • har god leikekompetanse
  • er ansvarsfull og lojal
  • er ein bidragsytar for å utvikle barnehagen vidare


Menn vert oppmoda om å søkja.

Vi tilbyr

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Luster kommune Kulturbilde