Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Vestland fylkeskommune | Sogndal | Fulltid |
Vi har ledig engasjement i to år som arkivmedarbeidar på Leikanger i Sogndal kommune. Arbeidsoppgåvene er knytt til eldre og avslutta kommunale arkiv, som skal sikrast, ordnast, bevarast og formidlast.
Kommunearkivordninga i Vestland yter rådgjevingstenester og er arkivdepot for Vestland fylkeskommune og kommunane i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Vår nye medarbeidar vil gå inn som ein ekstra ressurs i denne perioden. Arbeidsoppgåvene vil i all hovudsak vere knytt til ordning av arkiv. Andre driftsoppgåver kan også vere aktuelle, og arbeidsoppgåvene vil verte justerte og tilpassa avhengig av organisasjonen sine behov og medarbeidaren sin kompetanse.
Vestland fylkeskommune er vertskap for Kommunearkivordninga, og saman med fagområda privatarkiv, foto, tradisjonsmusikk, stadnamn og digital kultur utgjer vi ein stor arkivseksjon med over 20 tilsette, dei fleste på Leikanger. Fylkeskommunen bevarer og formidlar ein samla samfunnsdokumentasjon frå Vestland. Vi kan by på brei fagkompetanse og eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsstad for denne stillinga er Leikanger i Sogn, ei lita bygd mellom fjord og fjell i Sogndal kommune. Kommunen er vertskap for mellom anna Digitaliseringsdirektoratet, Høgskulen på Vestlandet, fleire teknologiverksemder på Campus, Vestlandsforsking og Sogndal fotball. I tillegg til dette har vi eit svært aktivt ski- og friluftsmiljø, samt fleire museum og kulturscener. Her kan du både få eit givande arbeidsliv og ei innhaldsrik fritid.
Det er mogeleg å jobbe i ein mindre stillingsprosent (mellom 50% og 100%) om dette er ønskeleg frå søkar si side. Oppgi i så fall dette i søknaden.
Arbeidsoppgåver som ligg til stillinga
Andre arbeidsoppgåver som kan leggast til stillinga
Den som vert tilsett må ha:
I tillegg til dette ønskjer vi vi at vår nye medarbeidar har:
Vi er på jakt etter deg som likar å arbeide sjølvstendig, effektivt og målretta over tid. Du må vere nøyaktig og ha sans for detaljar og systematikk.
Har du spørsmål til stillinga eller ønskjer meir informasjon, er du velkomen til å kontakte fagleiar for Kommunearkivordninga - Sigrun Espe: 990 44 666 / sigrun.espe@vlfk.no.