Vestland fylkeskommune Hovedbilde

Vestland fylkeskommune ser etter deg som likar arkivarbeid

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Arkivmedarbeidar/ Ordningsmedarbeidar arkiv Vestland fylkeskommune Bergen Fulltid
Vestland fylkeskommune Logo

Vestland fylkeskommune

Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norge
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Elin Storøstevik
97653607

Søknadsfrist

4. september 2024 Søk på stillinga her

Vestland fylkeskommune har ledig stilling som ordningsmedarbeidar i Bergen i to år, frå og med 01.12.24. Arbeidsoppgåvene er knytt til ordning av eldre og avslutta fylkeskommunale arkiv.

Stillinga er ein del av eit toårig prosjekt der ein skal ordne arkiv etter Hordaland fylkeskommune. Etter prosjektperioden skal arkiva sendast til Leikanger, der våre arkivdepot er. Desse arkiva, saman med privatarkiv, foto, tradisjonsmusikk, stadnamn og andre kommunale arkiv, utgjer fylkeskommunen sin samla samfunnsdokumentasjon frå Vestland.

Arbeidsoppgåver

  • Reinsking av arkivmateriale
  • Arkivavgrensing
  • Ordning, registrering og listeføring
  • Ekspedering av førespurnader frå oppdragsgjevar

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må ha bachelorgrad eller tilsvarande som er relevant for verksemda. Kravet om bachelorgrad kan fråvikast dersom du har spesielt relevant realkompetanse.

I tillegg til dette ønskjer vi vi at vår nye medarbeidar har:

  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid
  • God og relevant it-kompetanse
  • Kunnskap om kommunal forvalting og arkiv
  • Evne til å gjere skjønnsmessige vurderingar i arbeidet
  • Interesse for arbeid med arkiv og historie

Personlege eigenskapar

Vi er på jakt etter deg som likar å arbeide sjølvstendig, effektivt og målretta over tid. Du må vere nøyaktig og ha sans for detaljar og systematikk. Vi vil også legge stor vekt på personlege eigenskapar som engasjement, samarbeidsvilje og formidlingsevne.

Vi tilbyr

  • Løn etter kvalifikasjonar og avtale
  • Gode forsikrings og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid