Norconsult AS Hovedbilde

Norconsult i Sogn og Fjordane søkjer arealplanleggjar

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Arealplanleggjar Sogn Norconsult AS Sogndal Fulltid

Om stillinga

Norconsult er den største rådgjevaren i Norge innanfor plan, arkitektur, landskap og samferdsel, og dekker alle fagområda som er naudsynte for utgreiing, planlegging og prosjektering av komplette anlegg, frå idé til realisering.

Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Sogndal, Årdal, Sandane og på Nordfjordeid med omlag 70 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, miljø, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.

Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.

Norconsult Sogn og Fjordane har 5 dyktige arealplanleggjarar som samarbeider tett med arkitektar, landskapsarkitektar og veg- og trafikkplanleggjarar internt og lokale arkitektar eksternt. Vi utfører ei rekkje plan- og utgreiingsoppdrag for offentlege og private kundar i Sogn og Fjordane, og ønskjer å styrke fagmiljøet vårt ytterlegare.

Vi søkjer etter motivert og dyktig arealplanleggjar, gjerne med erfaring frå rådgjevarbransjen.

Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Få med deg serien «Rådgiverne» der vi gir deg eit unikt innblikk i arbeidskvardagen vår: https://www.norconsult.no/radgiverne/

Vil du vite meir om kva moglegheiter du med nokon års erfaring har i Norconsult? Les her: https://www.norconsult.no/jobb-og-karriere/heads-for-tomorrow---professional/

Arbeidsoppgåver

  • Mogelegheitstudiar og konseptutvikling
  • Utarbeiding av reguleringsplanar og/eller kommunedelplanar
  • Planomtalar og konsekvensutgreiingar på ulike plannivå
  • Byforming
  • Oppdragsleiing og tilbodsarbeid innanfor faget
  • Tverrfagleg samarbeid med andre fag
  • Bruk av BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellar
  • Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid

Kvalifikasjonskrav

  • Høgskule eller universitetsutdanning innan arealplanlegging, planarkitektur, landskap

Om deg

  • Har eit fagleg engasjement og er kreativ og løysingsorientert
  • Tek initiativ, er målretta og resultatorientert
  • Er fleksibel og ansvarsbevisst
  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
  • Erfaring frå bruk av Focus Arealplan, AutoCad, NovaPoint, Civil 3D eller liknande er ein fordel

Vi tilbyr

  • Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag
  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar
  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
  • Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet
  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv.



Innsending av søknad:

Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.

I Norconsult utviklar vi samfunnet for morgondagen ved å kombinere ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse. Vi har ei heilskapeleg tilnærming med utgangspunkt i at vi er lokalt tilstades og tverrfagleg kompetanse og samarbeid. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Vi er eit medarbeidar-eigd rådgjevarselskap, og våre 5 100 medarbeidarar er fordelt på rundt 130 kontor, hovudsakleg i Norden. Kvart år løyser vi tusenvis av små og store oppdrag for private og offentlege kundar, innan blant anna bygg og eigedom, samferdsel, arkitektur, fornybar energi, vatn og avløp, industri, sikkerheit, miljø og IT.