Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Arealplanleggar | Sogndal kommune | Sogndal | Fulltid |
Sogndal kommune søkjer ein engasjert arealplanleggar som vil vere med å utvikle gode lokalsamfunn i hjartet av Sogn. Her får du høve til å kombinere ei spanande karriere med eit liv tett på naturen, med fjord, fjell og frisk luft rett utanfor kontordøra. Kommunen er stor nok til mangfald og utvikling, men liten nok til å gje oversikt, tryggleik og nærleik til det meste. Våre om lag 1300 medarbeidarar jobbar kontinuerleg med å fornye, forbetre og forenkle tenestene våre, til det beste for både innbyggjarar og tilsette.
Om stillinga
Som arealplanleggar hjå oss får du ei nøkkelrolle i utviklinga av framtidas tettstader og bygder. Me ønskjer å skape stadar som gir høg livskvalitet for både fastbuande og tilreisande, tek omsyn til miljøet og stimulerer til skaparkraft og engasjement hjå innbyggjarane våre.
Du koordinerer planprosessar frå kommunen si side og sørger for god dialog med utbyggjarar, konsulentar, regionale fagetatar, interne fagpersonar og innbyggjarar. Målet er å sikre ein effektiv og god reguleringsplanprosess som følgjer kommunen sin arealplan og samfunnsplan (sjå utfordrarbygda.no).
Du vert ein del av planteamet vårt, der me finn løysingar saman, støttar kvarandre og gir rom for fagleg vekst. Me jobbar langsiktig for å tilby gode tenester til både utbyggjarar og innbyggjarar. Kontorlandskapet vårt på Campus i Sogndal deler me med andre fagområde. Framtidig lokalisering vil vere i Sogndal og/eller på Leikanger.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar. Me ser etter deg som
Me tilbyr
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søke jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å legge til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Sigrid Ølmheim
Tenesteleiar
+47 97534382
Sigrid.Olmheim@sogndal.kommune.no
Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837