Ansvarleg driftsoperatør fartøy Bilde

Likar du deg best ute, med sjøsprøyt i håret og varierte arbeidsoppgåver?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Ansvarleg driftsoperatør fartøy Osland Havbruk Høyanger Fulltid

Bli del av vårt arbeidslag med ansvar for drift av servicebåt i 2:3 turnusordning.

Arbeidsoppgåver

Ansvarleg driftsoperatør av Osland Havbruk AS sine båtar og fartøy i serviceflåten. Servicetenester til lokalitetane. Drift og vedlikehald av båt og sjølokaliteter. Overvaking og rapportering. Inspeksjoner og reingjøring av nøter, ringar og anna utstyr.

Kvalifikasjonar

Båtkyndig med praktisk erfaring. Løysingsorientert med HMS-fokus. Fagbrev innan akvakultur eller maritimefag. Mekanisk kompetanse og erfaring fra sevicebåt er ein fordel. Evne til å arbeide sjølvstendig og i team. Beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skriftleg.

Søkjarar med erfaring frå sjølvstendig arbeid og frå andre bransjar vert oppmoda om å søkje. Ynskjeleg med relevante kurs og sertifikat, f.eks. båt, kran og D6 sertifikat. Erfaring med drift og vedlikehold av notspyler.

Vi trur på at forskjellar i bakgrunn, utdanning og perspektiv gjer oss betre. **Om du er usikker på om du kvalifiserer til stillinga, søk likevel.**

Still oss spørsmål og gjerne vis oss kven du er.

Vi tilbyr deg

  • 100% fast stilling
  • God turnusordning med stabil rotasjon
  • Turnusordning: 2 veker på / 3 veker av. Osland Havbruk har base på servicefartøy lokalisert i Bjordal, Sogn og Fjordane.
  • Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår
  • Bedriftshytte og andre gode velferdstilbod
Osland Havbruk  Kulturbilde