Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
VVS-ingeniør | Norconsult Norge AS | Sunnfjord | Fulltid |
Norconsult sitt miljø innan VVS utgjer i dag omlag 300 Sivilingeniørar og ingeniørar i Noreg.
Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Sogndal, Årdal, Sandane og på Nordfjordeid med over 60 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, miljø, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.
Hos oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.
Vi søkjer etter dyktig sivilingeniør eller ingeniør med minst 3-5 års relevant erfaring innan VVS-faget frå rådgjevar- eller entreprenørbransje.
Medarbeidarane våre innan VVS, inneklima og kuldeteknikk utgjer det leiande fagmiljøet i regionen. Vi ønskjer primært tilsetting ved Førde-kontoret vårt, men andre kontorstadar i Sogn og Fjordane kan vurderast.
Vi søkjer deg som er interessert i å vere med å byggje opp eit VVS-miljø i vekst, med spennande arbeidsoppgåver på mindre og større prosjekt. Prosjektet Nye Førde Sjukehus er eit av prosjekta som vi i tida framover treng dyktige medarbeidarar til. Stillinga vil by på store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling i eit sterkt kompetanse miljø.Vi ønskjer primært tilsetting i Førde, men andre kontorstadar kan vere aktuelle.
Er du vår nye medarbeidar?
For oss er det viktig at du :
Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.
Norconsult er Norges største rådgjevarbedrift. Våre tenester er retta mot samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er eigd av våre over 4500 tilsette som er stasjonert på 113 kontor i heile verda. Hovudkontoret ligg i Sandvika utanfor Oslo.