Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Stad kommune | Stad | Fulltid |
NAV Stad har ledig fast 100% stilling som ungdomsrådgjevar frå 01.07.2022.
NAV Stad har 18 fast tilsette, og kontoret er lokalisert i sentrum av Nordfjordeid. NAV Stad har ansvar for både kommunale og statlege oppgåver. Kontoret jobbar etter «Arbeid først»- prinsippet. Vi skal gje innbyggjarane i kommunen bistand til å kome i arbeid eller aktivitet. Vi bistår også næringslivet med rekruttering. NAV Stad har mellom anna ansvaret for å yte tenester etter lov om sosiale tenester og Husbanken sine ordningar med startlån og bustønad.
Stillinga er i hovudsak knytt til oppfølging og rettleiing av ungdom saman med fleire tilsette i ungdomsteamet vårt, men andre arbeidsoppgåver kan vere aktuelle.
Vi ber om at søkjarane lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden og oppgir relevant referanse av ny dato.
Stad kommune har seks månader prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Spørsmål vedrørande stillinga kan rettast til leiar NAV Stad, Bodil Førde, mobil 905 86 913 eller team-leiar Karoline Hildenes, mobil 455 02 796.