Trainee: Sirkulærøkonomi, berekraft og kommunikasjon  Bilde

Har du eit brennande engasjement for miljø og sirkulærøkonomi?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Sirkulærøkonomi, berekraft og kommunikasjon SIMAS IKS Sogndal Trainee
SIMAS IKS Logo

SIMAS IKS

Festingdalsvegen 368, 6854 Kaupanger, Norge
6854 Kaupanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Dagny Alvik
913 90 943

Søknadsfrist

3. april 2022

Du søker traineestilling hos SIMAS IKS, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Om stillinga

Som Trainee i SIMAS vil du ha moglegheit til å gjere ein forskjell i arbeidet mot ei meir berekraftig framtid i Sogn. Er du ein initiativtakar som ønsker å delta aktivt i vårt arbeid innan sirkulærøkonomi, berekraft og kommunikasjon? Då vil vi gjerne høyre frå deg.

Avfalls- og gjenvinningsbransjen har ei nøkkelrolle i det grøne skiftet, og i omstillinga til sirkuler økonomi. Simas er eit renovasjonsselskap som tek framtida på alvor, og hos oss vil du få ha stor påverknad på korleis vi jobbar med berekraft og sirkulærøkonomi.

Vi jobbar for ressursar på rett veg. Dette gjeld både dei tilsette si utvikling i selskapet, og ikkje minst handsaming av avfallsressursane. SIMAS ønskjer å utnytte verdiane i avfallet, og å bidra til minst mogleg utslepp av klimagassar og miljøgifter - på ein kostnadseffektiv måte.

Arbeidsoppgåver

  • Identifisere og leia prosjekt slik at SIMAS sine mål om utsortering og auka ombruk vert nådd
  • Tett dialog med miljø innan sirkulærøkonomi og berekraft
  • Samarbeid med Vite Meir og vidaregåande skular om sirkuler økonomi/opplæring
  • Koordinere utvikling av informasjonskampanjar og liknande
  • Styrke arbeidet og innhaldsproduksjon innansosiale media og andre digitale kanalar
  • Styrke internkommunikasjonen i SIMAS

Kvalifikasjonskrav

  • Høgare utdanning innan miljøfag og/eller kommunikasjon

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Om deg

  • Brennande engasjement for miljø og sirkulærøkonomi
  • Offensiv og initiativrik
  • Evne til å kunne samarbeide i heile organisasjonen
  • God kommunikasjonsevne og pedagogiske eigenskapar
  • God skriftleg og munnleg både norsk og engelsk

Vi tilbyr

  • Ei sentral rolle i utviklinga av viktige tenester for samfunnet og innbyggjarar
  • Arbeid med spanande fagområde innan miljø- og ressursforvaltning
  • Konkurransedyktig løn
  • Spennande utfordringar, gode og kompetente kollegaer, og eit godt arbeidsmiljø.
  • Arbeidsstad i naturskjønne omgjevnadar, med kort avstand til flotte turar, både sommar og vinter. Sogn er kjent for gode skular og eit rikt utdanningstilbod. Her vil du og oppleve ein køfri kvardag.

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2022 til august 2023.