Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee: Økonomi | Nav økonomiteneste | Sogndal | Trainee |
Du søker traineestilling hos Nav økonomiteneste, men søknaden sender du til Framtidsfylket.
NAV Økonomiteneste er ein intern tenesteleverandør for lønns- og rekneskapstenester til alle NAV sine statlege einingar. Dette inneber mellom anna utbetaling av 562,5 mrd. kroner i årlege ytingar, samt rettleiing for etaten sine 14 000 tilsette. NAV sitt rekneskap utgjer 1/3 av statsbudsjettet, og NAV Økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i NAV. Eininga består av 90 tilsette fordelt på tre seksjonar og er lokalisert på Leikanger
Trainee-stillinga er utviklingsorientert og vi ynskjer å bruke din ferske kompetanse til å vidareutvikle vår organisasjon. Arbeidsoppgåvene er økonomifaglege, gjerne kombinert med teknologi og/eller analysearbeid.
Vi har ei brei oppgåveportefølje og kan kombinere desse arbeidsoppgåvene etter din kompetanse og dine interessefelt. Andre aktuelle fagområder kan vere kundeservice og innhaldsproduksjon til ulike plattformer (video, e-læring, tekst).
Bachelor- eller mastergrad innanfor økonomi, administrasjon eller IT. Anna relevant utdanning kan og bli vurdert.
Som Framtidsfylket Trainee får du:
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2022 til august 2023.