Trainee: Utvikling av lokalsamfunn  Bilde

Vestland Fylkeskommune søkar trainee - utvikling av lokalsamfunn

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Utvikling av lokalsamfunn Vestland fylkeskommune Sogndal Trainee
Vestland fylkeskommune Logo

Vestland fylkeskommune

Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norge
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Endre Høgalmen
95207789

Søknadsfrist

1. april 2022 Søk på stillinga her

Du søker direkte til Vestland fylkeskommune på denne traineestillinga.

Søk traineestilling

Om stillinga

Avdeling for innovasjon og næringsutvikling skal bidra i arbeidet med å skape innovative og inkluderande samfunn i Vestland. Målet vårt er verdiskaping og nye grøne arbeidsplassar i heile fylket. For å nå det må vi ha gjensidig utvikling av lokalsamfunn, næringsliv og arbeidsplassar. Gode lokalsamfunn må danne ramma for berekraftig verdiskaping.

Arbeidsoppgåver

Som trainee hos oss vil du i hovudsak arbeide med utvikling av lokalsamfunna våre. Som ein del av dette vil du ha oppgåver knytt til næringsutvikling, m.a. innan reiseliv og landbruk. Det kan i tillegg vere aktuelt med oppgåver innan naturressursforvaltning.

Arbeidet skjer i samarbeid med gode kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar. Det blir noko reising i samband med traineeåret ditt.

Kvalifikasjonskrav

Relevant utdanning på minimum bachelornivå.

Generelle krav til Framtidsfylket Trainee: 

  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter avslutta studier
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Om deg

  • Du har gode samarbeidsevner, vilje til å lære og er oppteken av å utvikle lokalsamfunna våre.
  • Du er strukturert og sjølvstendig, og fleksibel, kreativ og løysingsorientert.

Vi tilbyr

Som trainee vil du få eit interessant og lærerikt år med allsidige arbeidsoppgåver. Du vert kjent med både fylkeskommunen og samarbeidspartnarane våre gjennom praktisk arbeid.

Vi kan tilby eit godt og utviklande arbeidsmiljø der du arbeider saman med dyktige kollegaer. Ein mentor vil støtte deg i arbeide ditt. Vi kan hjelpe deg med å finne bustad.

Gjennom samlingane i regi av Framtidsfylket sitt trainee-program, vil du utvikle deg saman med traineear frå andre organisasjonar. 

Vi tilbyr elles

  • faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • løn etter avtale
  • fleksibel arbeidstid
  • arbeidsvilkår, pensjon og forsikringar i samsvar med kommunal tariff
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

Som deltakar i traineeprogrammet til Framtidsfylket får du

  • ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • fagleg og personleg utvikling
  • innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • utviklingsprogram gjennom Framtidsfylket sitt trainee-program

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2022 til august 2023.

Andre opplysningar:

  • Har du spørsmål, ta ein prat med kontaktperson.
  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
  • Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.