Trainee: Klimaomstilling Bilde

Vil du bidra i arbeidet med å utvikle eit nyskapande og berekraftig Vestland?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Klimaomstilling Vestland fylkeskommune Sogndal Trainee
Vestland fylkeskommune Logo

Vestland fylkeskommune

Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norge
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Synnøve Stalheim
47897260

Søknadsfrist

1. april 2022 Søk på stillinga her

Du søker direkte til Vestland fylkeskommune på denne traineestillinga.

Søk traineestilling

Om stillinga

Seksjon Plan, klima og folkehelse, avdeling strategisk utvikling og digitalisering

Vi skal bidra i arbeidet med å utvikle eit nyskapande og berekraftig Vestland, ved å setje retning, samhandle og engasjere. Viktige arbeidsområde for oss er å vere ein pådrivar for endring, bidra til å samordne aktiviteten internt i fylkeskommunen, og å vere gode støttespelarar for kommunane og eksterne aktørar. Vestland legg klima og miljø som premiss for samfunnsutviklinga, og oppfølginga av den regionale klimaplanen er sentral i dette arbeidet.

Arbeidsoppgåver

  • Vere støttespelar og rådgjevar for kommunane innan klimaomstilling
  • Delta i arbeidet med oppfølging av "Regional plan for klimaomstilling"

Kvalifikasjonskrav

  • Mastergrad innan klima- og miljøfag, arealplanlegging, samfunnsplanlegging, geografi eller samfunnsgeografi
  • Du er nyutdanna (maks tre års erfaring etter endte studiar) med eit brennande ynskje om å bli trainee

Det er ein fordel med:

  • Erfaring frå arbeid innan klimaomstilling på lokalt og/eller regionalt nivå
  • Prosesskompetanse

Om deg

  • Samfunnsengasjert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne

Vi tilbyr

Du vil få varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver, og fagleg utvikling i eit kompetent og tverrfagleg fagmiljø. Vi er opptekne av vi skal trivast på jobb, og ha eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Slik gjer vi kvarandre gode og skapar engasjement.

  • Eigen mentor
  • Fleksibel arbeidstid
  • Utviklingsprogram gjennom Framtidsfylket sitt trainee-program
  • Løn etter avtale
  • Arbeidsvilkår, pensjon og forsikringar i samsvar med kommunal tariff

Som deltakar i traineeprogrammet til Framtidsfylket får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Utviklingsprogram gjennom Framtidsfylket sitt trainee-program

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2022 til august 2023.

Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.