Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee innan kommunikasjon | Sunnfjord kommune | Sunnfjord | Trainee |
Du søker direkte til Sunnfjord kommune på denne traineestillinga.
Søk traineestillingEr du kreativ, nyskapande og likar å bli utfordra til å tenkje nytt? Har du lyst til å jobbe med innovasjon? Då håpar vi å få med oss deg på laget.
Sunnfjord kommune ser etter ein trainee som kan tilføre oss kunnskap, inspirere oss og ikkje minst sjå potensiale i bruk av sosiale kanalar og digitale arbeidsmåtar.
Om arbeidsgjevar
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT) Vestland (Sogn og Fjordane):
USHT vil bidra til å styrke kvaliteten i helse- og omsorgstenestene gjennom fag- og kompetanseutvikling og spreiing av ny kunnskap, nye løysingar og nasjonale føringar.
USHT samarbeider med Høgskulen på Vestlandet, Senter for omsorgsforsking vest, Fylkesmannen i Vestland, Helse Førde, Vestlandsforsking, Vestland fylkeskommune, og dei andre utviklingssentra i landet. Sunnfjord kommune er vertskommune for USHT Vestland (Sogn og Fjordane).
E-helse Vestland:
Velferdsteknologi har stor merksemd i kommunane i Vestland fylke. E-helse Vestland vil etablere Vestland som ein kraftregion for bruk av teknologi i helse- og omsorgssektoren.
Prosjektet samarbeider med Velferdsteknologiprosjektet i Sogn og Fjordane og Vestlandsprosjektet, Høgskulen på Vestlandet, Vestlandsforsking, Helse Vest IKT og USHT Vestland (Sogn og Fjordane) og USHT Vestland (Hordaland). Sunnfjord kommune er prosjekteigarar.
Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee:
Som Framtidsfylket Trainee får du:
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2021 til august 2022.