Trainee innan økonomi/teknologi Bilde

PwC søker trainee innan økonomi og/eller teknologi

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee innan økonomi/teknologi PwC Sunnfjord Trainee

Du søker direkte til PwC på denne traineestillinga.

Søk traineestilling

Om stillinga

PwC i Nordvest er det leiande miljøet i vår bransje. Vi arbeider målretta med å bygge lokal kompetanse, og har eit tverrfagleg og hyggeleg miljø med ca 80 rådgjevarar, revisorar, regnskapsførerar og advokatar. Vi er tilstades på fleire lokasjonar i fylket vårt og nabofylket - og har kontor i Førde, Florø, Sandane,Måløy, Stryn, Sogndal, Ulsteinvik, Molde og Ålesund. Hos oss er det viktig med ein kombinasjon av tenestekompetanse og bransjeerfaring. Fleire av våre kundar er leiande aktørar i sine bransjar lokalt, regionalt og nasjonalt.

Ei trainee-stilling hjå oss vil gje deg dei beste føresetnadane for å forme den karriera du sjølv ynskjer deg. Frå dag ein blir du utrusta med nyttige verktøy og vil på kort tid få innsikt i og erfaring frå eit breitt spekter av fagområder og bransjar.

Arbeidsoppgåver

Du vil få arbeidsoppgåver knytt til:

  • Økonomi
  • Teknologi
  • Analyse
  • Forretningsutvikling

Kvalifikasjonskrav

Du må kunne vise fagleg dyktigheit og god teoretisk forståing i økonomiske og/eller teknologiske fag. Utover det vurderer vi kandidatar med ulik bakgrunn, og ser på mangfold som eit konkurransefortrinn! Du må i tillegg ha velutvikla analytiske eigenskapar, forretningsforståing, og kunne sette deg inn i komplekse problemstillingar på kort tid.

PwC er avhengig av tillit hos våre kundar for at vi saman skal kunne skape verdiar og utgjere ein forskjell i samfunnet. Derfor bør du også ha evna til å byggje relasjonar med sentrale nøkkelpersonar på ulike nivå. Sist, men ikkje minst, må du kommuniserer godt på norsk og engelsk.

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Vi tilbyr

Vi trur at menneske må få rom til å utvikle seg om dei skal trivast på lang sikt. I PwC får du eit stimulerande og utviklande arbeidsmiljø, der vi har sett fagleg og personleg utvikling i system.

Som Framtidsfylket Trainee i PwC får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear via 5 sosiale samlingar med fagleg innhald og ein utenlandstur
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2020 til august 2021.

PwC Kulturbilde