Trainee: Økonomi, finans og rekneskap Bilde

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Økonomi, finans og rekneskap Fjord1 AS Kinn Trainee
Fjord1 AS Logo

Fjord1 AS

Strandavegen 15
6900 Florø
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Heidi Felle
48 22 27 91

Søknadsfrist

3. april 2022

Du søker traineestilling hos Fjord1 AS, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Om stillinga

Vi søker trainee til økonomiavdelinga vår ved hovudkontoret i Florø!

Sitat frå Eirin Kleiven, tidlegare trainee i Fjord1 og i dag fast tilsett som controller:

"Traineeåret gav meg sjansen til å prøve ulike område innan fagfeltet mitt. Eg fekk arbeide på tvers av organisasjonen, og eg fekk tidleg ansvar. Det var både utfordrande og lærerikt, og eg lærte mykje om kva eg trivst å jobbe med. Kompetansen som eg tileigna meg i traineeåret gav meg kunnskap og erfaringar som eg har hatt god nytte av i mi vidare karriere."

Vår økonomiavdeling er sett saman av fagområda rekneskap, finans og løn. Totalt sett om lag 20 dyktige kollegaer med høg fagkompetanse. Vi har ei god blanding av både kjønn, alder, fagkompetanse og selskapsansiennitet i avdelinga. I tillegg til å vere fagleg dyktige, er det er ein sosial og imøtekommande gjeng med eit godt samhold og arbeidsmiljø.

Vi er ein organisasjon som samhandlar og arbeider på tvers av fagområde med fokus på totaliteten av selskapet. Økonomiområdet er ein sentral og viktig del av Fjord1 si forretningsutvikling, og har eit stort fokus på forbetring og effektivisering av både system og arbeidsmetodikk til ei kvar tid.

Som trainee i Fjord1 vil du få oppleve eit år med spennande oppgåver der du må utfordre deg sjølv. Vi ynskjer å vere opne for kva kompetanse som finst i marknaden, og vil tilpasse traineestillinga til den kandidaten vil vel ut. Vi ser etter deg som ser nye løysingar, kan utfordre vår tankegang, er nysgjerrig og lærevillig, med eit sterkt ønske om å bidra til at Fjord1 når sine målsettingar.

Vi tilbyr

  • Ein unik start på di karriere
  • Delta i prosjektarbeid på tvers av fagområde
  • Moglegheit til å få ansvar, og vere med og påverke utviklinga i selskapet
  • Jobbe med utfordrande arbeidsoppgåver
  • Tett og god oppfølging både fagleg og personleg
  • Bli ein del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Bli ein del av ein aktiv gjeng som samlast for kjekke aktivitetar også på fritida
  • Moglegheit til ei vidare karriere i Fjord1

Ønska kvalifikasjonar

  • Du er utdanna innan økonomi, finans, rekneskap eller eit anna relevant fagområde
  • Det kan vere positivt med ei interesse for business intelligence (BI), grensesnitt og systemflyt

Personlege eigenskapar

  • Du er løysingsorientert og nysgjerrig
  • Du tek fatt på nye oppgåver med motivasjon, engasjement og pågangsmot
  • Du er strukturert og ryddig
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du har sterke analytiske eigenskapar og er pådrivar for forbetringar
  • Du tør å stille spørsmål og utfordre etablerte praksisar

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 er det leiande ferjeselskapet i Norge, med ferjetransport som kjerneverksemd. Hovudkontoret vårt ligg i Florø, og her har om lag 100 personar sin daglege arbeidsplass. Vi har også regionkontor i Bergen og Molde, og totalt er vi om lag 1200 fantastiske kollegaer fordelt på sjø og land.

Fjord1 har dei siste åra bygd og satt i drift 34 høgteknologiske el-ferjer som svarar på moderne klimakrav med lågutslepp. Fjord1 har gjennom dette arbeidet blitt verdsleiande innan ferjebransjen og står heilt i teten for elektrifiseringa av dei norske fjordane.

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2022 til august 2023.

Fjord1 AS Kulturbilde