Trainee: Ingeniør  Bilde

Vil du bidra til å vere best i bransjen på kvalitet lønnsemd, berekraft og digitalisering?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Ingeniør Åsen & Øvrelid AS Sunnfjord Trainee
Åsen & Øvrelid AS Logo

Åsen & Øvrelid AS

Fjæreveien 9
6800 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Finn Ove Øen,
95985618

Søknadsfrist

3. april 2022

Du søker traineestilling hos Åsen & Øvrelid AS, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Om stillinga

Åsen & Øvrelid As er eit av dei største entreprenørselskapa på Nordvestlandet. Vi har hovudkontor i Førde og datterselskapa Åsen & Øvrelid Nordvest AS i Ålesund og Røberg AS i Molde. Vi tel om lag 180 tilsette og marknaden er heile Nordvestlandet. Vi har som mål å vere blant dei aller beste i vår bransje både på kvalitet, lønnsemd, berekraft og digitalisering. For å klare dette treng vi påfyll med fleire unge ingeniørar og sivilingeniørar som er klare for å brette opp ermane og vere med oss og utvikle Åsen & Øvrelid og byggebransjen vidare.

Arbeidsoppgåver

Som trainee vil du få ei unik moglegheit til å bli kjent med vår organisasjon og få oversikt over dei ulike moglegheitene ein har i vår bedrift. Du vil få arbeidsoppgåver både knytt opp mot enkeltprosjekt, og opp mot fellesytingar i bedrifta.

Aktuelle arbeidsoppgåver kan vere:

  • Planlegging og oppfølging på byggeplass
  • Oppfølging av kontrakter med underentreprenørar og leverandørar
  • Delta i prosjektering, kalkulasjon og anbodsrekning
  • Delta i vidareutvikling og bruk av digitale verktøy for prosjektgjennomføring
  • HMS og KS arbeid
  • Oppfølging av miljø- og bærekraftsmål
  • Prosjektutvikling

Kvalifikasjonskrav

  • Du har bachelor eller mastergrad innan bygg- og anleggsrelaterte fag
  • Om du har tatt fag knytt til prosjekt- eller byggeleiing er dette eit ekstra pluss
  • Som person må du være initiativrik og ha trua på deg sjølv
  • Vidare set vi pris på kremmarånd og vinnarvilje, og at du har høge ambisjonar rundt eiga utvikling

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee 

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Vi tilbyr

Som trainee i Åsen & Øvrelid AS vil du få varierte og spennandearbeidsoppgåver knytt til fleirespennande byggeprosjekt, og du vil bli ein del av vårt gode arbeidsmiljø, med mange dyktige og engasjerte medarbeidarar. Er du lærevillig og engasjert har vi svært gode utviklingsmoglegheiter og moglegheiter til å påverke eigen arbeidskvardag.

Vidare tilbyr vi konkurranse-dyktige lønn, bonusordning og gode forsikringsordningar.

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2022 til august 2023

Arbeidsstad: Førde

Har du spørsmål om stillinga, kontakt dagleg leiar Finn Ove Øen, tlf: 95985618
E-post: finn.ove@aasen-ovrelid.no