Gravdalgruppa Hovedbilde

Gravdalgruppa søker etter tømrar med fagbrev og nokre års erfaring

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Tømrar med fagbrev Gravdalgruppa Sunnfjord Fulltid
Gravdalgruppa Logo

Gravdalgruppa

Postboks 147, 6801 Førde, Norge
6801 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Ole Christian Åsen
91 00 93 74

Søknadsfrist

5. februar 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Vi har lang og solid erfaring frå byggebransjen i Sogn og Fjordane og Bergensområdet, og bygger alt frå rekkehus til terrasseblokker, barnehagar og bufellesskap.

Kundane våre forventar solid handverk og kvalitet i alle ledd. For å innfri desse forventningane treng vi også fleire erfarne tømrarar på laget. Vi søker deg som brenn for yrket ditt, jobbar smart, sjølvstendig og leverer arbeid på eit høgt fagleg nivå.

Arbeidsoppgåver

Er du glad i å jobbe, har fagbrev og godt humør - då vil vi gjerne ha deg med på laget i Gravdal Bygg

Vi har store og spennande byggeprosjekt framfor oss, her vil du få varierte og spennande arbeidsoppgåver!

Om deg

Har du fagbrev og nokre års erfaring?

Då kan det hende det er deg vi treng som tømrarbas på våre prosjekt i Førde! Du må vere opptatt av at det skal vere god kvalitet på produkta vi leverer. Du er sjølvstendig, tar ansvar og likar å leie andre

Vi tilbyr

I Gravdal Bygg er det også rom for utvikling: Har du dei rette eigenskapane kan du t.d. bli tømrarbas, eller kanskje byggeplassleiar? Dei som i dag jobbar med prosjektleiing starta gjerne karrieren som tømrar, så her er det mange moglegheiter for den som er motivert!

Om du stiller med engasjement og trivst med ein hektisk jobbkvardag, tilbyr vi eit godt arbeidsmiljø og konkurransedyktig løn.

Gravdal Bygg as er eit entreprenørselskap i Gravdalgruppa as. Hovudaktiviteten er totalentreprisar innan privat sektor, i hovudsak bustadmarknaden. Vi har også lang erfaring med bygging av næringsbygg, og omsorgsbustader og barnehager til offentlig sektor. Gravdalgruppa har ca. 50 tilsette. Hovudkontoret ligg i Førde, og i tillegg har vi avdeling i Bergen.

Gravdalgruppa Kulturbilde