Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Teknolog | NAV Økonomiteneste | Sogndal | Fulltid |
NAV Økonomiteneste ligg i front i NAV når det gjeld bruk av RPA. Vi har dei siste åra implementert RPA-prosessar for å gjere arbeidsprosessane meir effektive og frigjere verdifull tid. Vi har i dag om lag 10 prosessar i drift, og RPA-teamet hjå oss sørger for utvikling, drift og vedlikehald. Du vil bli ein del av dette teamet, og du vil på denne måten bidra til å auke rekneskapskvaliteten i NAV ved hjelp av automatiserte kontrollar. På økonomiområdet skal NAV snart implementere fleire nye løysingar, og også her har vi behov for din kompetanse. Vi skal ta i bruk eit nytt finansielt datavarehus (Snowflake) og nye verktøy for budsjett, prognose og rapportering. Her kan du mellom anna få moglegheit til å lære deg å utvikle i nye BI-verktøy som MicroStrategy og ThoughtSpot.
Nye løysingar på økonomiområdet i NAV vil gi både auka effektivitet og heve rekneskapskvaliteten i NAV, men det vil i tillegg gi våre medarbeidarar ein ny arbeidskvardag i nye verktøy. I dette ligg det mange moglegheiter for digital kompetanseheving, og du vil få ei sentral rolle i den digitale reisa til ØT.
Hjå oss får du moglegheit til vere med og forme stillinga sjølv. NAV IT har eit stort, framoverlent IT-miljø som du vil bli ein del av, både gjennom samarbeid og kompetanseheving. Oppgåver og innhald i stillinga vil kunne utvikle seg i takt med arbeidsgjevar sitt behov, samt kompetanse og interessefelt til deg som søkar.
For å lykkast i denne rolla kjenner du deg kanskje igjen i dette
Du har ein genuin interesse for teknologi og utvikling, og du likar å dele din kunnskap med andre. Du jobbar godt både sjølvstendig og saman med andre, og du har evne til å prioritere mellom oppgåver. Du er ein lagspelar som bidreg positivt i teamet du er ein del av, samstundes som du har evna til å ta leiing og sikre framdrift og kontinuitet når dette trengs. Du er god på å sjå det store biletet, og kan sette deg inn i nye fagområde og arbeidsprosessar.