Trainee: Berekraft Bilde

Sogn og Fjordane Energi søker trainee: Berekraft

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Berekraft Sogn og Fjordane Energi Gloppen Trainee
Sogn og Fjordane Energi Logo

Sogn og Fjordane Energi

Sørstrandsvegen 227
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Ole Bent Søreide
913 91 733

Søknadsfrist

15. mars 2021 Søk på stillinga her

Du søker direkte til Sogn og Fjordane Energi på denne traineestillinga.

Søk traineestilling

Om stillinga

Å sikre berekraftige løysingar, og bidra i kampen mot dei store klimautfordringane, er berebjelkar i Sogn og Fjordane Energi (SFE) si verksemd. I SFE arbeider vi kvar dag med å skape ei fornybar framtid.

Vil du starte jobbkarrieren din med noko som gir meining? Vi er på jakt etter deg som vil delta i vårt arbeid med klimanøytralitet, eller deg som vil bidra i arbeidet med elektrifisering.

Klimanøytralitet

Ein sentral del av klima- og berekraftsarbeidet er å redusere våre eigne utslepp. Vi må starte med oss sjølve og redusere vårt klima-og miljømessige fotavtrykk. FN sine berekraftsmål står høgt på vår agenda, og vi skal vere klimanøytrale i 2021. Det handlar om å ta eit steg vidare i vårt ambisiøse klima- og miljøarbeid.

Arbeidsoppgåver

Som trainee innan vårt interne klimarbeid har du gode mogleg-heiter for påverknad og utvikling.Sentralt for SFE sitt arbeid innan dette området:

  • Identifisere og konkretisere kriterier og målparametre som grunnlag for klimaarbeidet.
  • Kartlegge, vurdere og bidra til å etablere tiltak, samt sikre at vi leverer i tråd med våre målsettingar.
  • Rapportering i høve til berekraft/klima/miljø.

Kvalifikasjonskrav

Du har høgare utdanning innan klima, miljø, energi, eller teknologi.

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Om deg

  • Du har gode samarbeids-og kommunikasjonsevner.
  • Du er kreativ, utviklings- og moglegheitsorientert.
  • Du jobbar strukturert og målretta.
  • Du er eit friskt pust inn i vår organisasjon

Vi tilbyr

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv i vår region
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur saman med dei andre traineeane i ordninga

Det beste med å jobbe i SFE er at du får jobbe med varierte oppgåver som både er spennande og lærerike. Ein jobb her betyr å arbeide i ei framtidsretta bedrift kor ein får vere med å bidra til det grøne skiftet. I tillegg til kjekke og engasjerende arbeidsoppgåver vil ein også ha støttande og hyggelege kollegaer. Desse er som regel aldri redde for å dra ein spøk.

Dette er ein god kombinasjon som gjer at du vil trivast på jobb. Vi oppmodar kvinner om å søke.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2021 til august 2022.

Sogn og Fjordane Energi Kulturbilde