Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Sogndal kommune | Sogndal | Fulltid |
Skog i Sogn er eit felles fagmiljø for den kommunale skogforvaltinga i dei sju kommunane til Sogn regionråd. Samarbeidet har tre stillingar (2,6 årsverk) som har som oppgåve å forvalte, utvikle og utnytte skogressursane i Sogn, som omfattar 841 000 daa produktivt skogareal. Du vil gjennom dette arbeidet samarbeide med AT-skog, Skogselskapet og fleire andre skogaktørar i regionen. Sogn har lange skogtradisjonar og er kjent for god furukvalitet. No er grana på full fart inn, og mange «nye» skogeigarar treng råd, rettleiing og hjelp til planlegging m.m. Difor treng me deg som har ein tydeleg visjon og sterkt engasjement for skogbruket.
Sogndal kommune er vertskap for eininga. For denne stillinga er hovudarbeidsområda kommunane Vik og Høyanger.
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Me tilbyr:
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.