Norconsult AS Hovedbilde

Norconsult Sogn og Fjordane søker sivilingeniør/ingeniør VA

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Sivilingeniør/ingeniør VA Norconsult AS Sunnfjord Fulltid
Norconsult AS Logo

Norconsult AS

Vestfjordgaten 4
1338 Sandvika
Sjå bedriftsprofil

Kontakt

Lars-Idar Vegsund
+4745404686

Søknadsfrist

31. mai 2021 Søk på stillinga her

Om stillinga

Vil du bli ein del av Norges største rådgjevarmiljø innan vatn, avløp og overvasshandtering? Norconsult har kompetansen som gjev sikker vassforsyning, og miljøtilpassa og effektive avløps- og overvassløysingar som tar høgde for framtidige klimaendringar.

På landsbasis har Norconsult det største rådgjevarmiljøet innan vatn- og avløpsteknikk, med over 250 medarbeidarar. Norconsult Sogn og Fjordane har 7 dyktige VA-ingeniørar, og kontoret ønskjer å styrke VA-miljøet ytterlegare.

Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Sogndal, Årdal, Sandane og på Nordfjordeid, med over 60 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, ingeniørgeologi, miljø, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.

Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.

Vi har store og små oppdrag for både offentlege og private byggherrar. Vi arbeider i alle prosjektfasar – frå tidleg planleggingsfase til detaljprosjektering og oppfølging i byggje- og anleggsfasen. Oppdraga omfattar alle typar vassforsynings-, avløps- og overvassanlegg.

Vi søkjer etter motiverte og dyktige ingeniørar/sivilingeniørar med minimum 2 – 3 års erfaring innan VA- teknikk, gjerne frå rådgjevarbransjen.

Er du vår nye medarbeidar?

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og prosjektering av vatn-, avløps- og overvassanlegg i alle prosjektfasar
  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag og kostnadsoverslag
  • Bruk av DAK/BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellar
  • Modellering/nettanalysar
  • Oppdragsleiing i einfaglege og tverrfaglege oppdrag
  • Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid

Om deg

Har eit fagleg engasjement

  • Er kreativ, løysingsorientert og ønskjer fagleg utvikling
  • Tek initiativ, er målretta og resultatorientert
  • Er fleksibel og ansvarsbevisst
  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar

Vi tilbyr

  • Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag
  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar
  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
  • Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet
  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv.

Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.

Norconsult er Norges største rådgjevarbedrift. Våre tenester er retta mot samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er eigd av våre over 4400 tilsette som er stasjonert på 113 kontor i heile verda. Hovudkontoret ligg i Sandvika utanfor Oslo.