Norconsult AS Hovedbilde

Norconsult Sogn og Fjordane søkjer erfaren sivilingeniør innan geoteknikk

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Sivilingeniør geoteknikk Norconsult AS Sogndal Fulltid
Norconsult AS Logo

Norconsult AS

Vestfjordgaten 4
1338 Sandvika
Sjå bedriftsprofil

Kontakt

Arne Moen
+47 91 69 94 82

Søknadsfrist

31. mai 2021 Søk på stillinga her

Om stillinga

Norconsult er Norges største og ein av dei leiande tverrfaglege rådgjevarane i Norden innan samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Vi er ein pådrivar for berekraftige og kreative løysingar når vi utviklar løysingar for framtida. Heildigitale leveransar er første valget vårt.

Fagmiljøet innan geoteknikk i Norconsult omfattar for tida 35 sivilingeniører ved hovedkontoret vårt i Sandvika, samt omlag like mange ved dei ulike kontora rundt om i Norge. I tillegg har vi rundt 30 geoteknikarar i Sverige og eiga feltavdeling med boreriggar og geoteknisk laboratorium i Molde.

Norconsult i Sogn og Fjordnae har kontor i Førde, Sogndal, Årdal, Sandane og på Nordfjordeid med over 60 medarbeidarar totalt. Lokalt ved kontoret utfører vi tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, miljø, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.

Vi vil styrke geomiljøet lokalt og på Vestlandet og søkjer deg som vil vere med på vidare oppbygging av ei brei geofagleg gruppe i regionen.

Geo-gruppa i Region Vest tel i dag 13 medarbeidarar og omfattar ingeniørgeologar, geoteknikarar og miljøgeologar. Per i dag har vi to geoteknikarar i Sogn og Fjordane, ein i Sogndal og ein på Sandane. Vidare har vi 2 ingeniørgeologar i Sogndal.

Vi samarbeider tett med geoteknikkmiljøet elles i Norconsult. Vi har stor tilgang på oppdrag innan fagfeltet. Dei geotekniske oppgåvene er i all hovudsak retta mot plan og samferdsel- , bygg- og anlegg- og industrisektoren, der vi tek oss av alle typar geotekniske problemstillingar innan veg, kontor- og næringsbygg, industribygg, hamner, bustadprosjekt, naturfare og kommunaltekniske anlegg.

Det geotekniske miljøet i Norconsult har ein stor andel seniorar som er fremst i faget i Norge, som bidreg til erfaringsutveksling og gir oss moglegheiter til å ta på oss spennande prosjekt. Vi er stolte av arbeidskulturen vår og det sosiale miljøet. Vi trur på å dele informasjon med kvarandre og prioriterer ein «open dør»-policy for både erfarne og yngre medarbeidarar. I tillegg har vi sosiale samlinger ved kvar kontorstad fleire gonger i året, kontor- og studieturar og er ein generelt ein aktiv og sprek gjeng.

Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.

Som erfaren geoteknikar i Norconsult vil du vere fagansvarleg, oppdragsleiar og få moglegheiter til å vere med i team som prosjekterer og løyser de utfordringane vi til ei kvar tid har teke på oss. Du blir med i eit slagkraftig, tverrfagleg rådgjevarmiljø med høg kompetanse og mange utfordrande og spennande oppgåver. Vi er opptekne av utvikling innan faget for alle våre tilsette og prioriterer tverrfaglege oppdrag, kompetanseutvikling og utviklingsmoglegheiter innan både fag, linje og oppdrag. Hjå oss får du fridom under ansvar og stor grad av autonomi.

Norconsult har eit sterkt miljø innanfor digitalisering og maskinlæring. Gjennom fleire store oppdrag har vi opparbeida høg kompetanse og erfaring med scripting, datavisualisering, 3D-/BIM-modellering og parametrisk programmering. Dette gir oss moglegheiter til å sjå verda på ein ny måte, og løyse problemstillingane vi står overfor på måtar som ikkje var mogleg tidlegare.

Vi søkjer etter motivert, dyktig og erfaren sivilingeniør innan geoteknikk. Ønskjeleg kontorstad er Sogndal eller Sandane, men andre lokasjonar i Sogn og Fjordane er også aktuelle.

Arbeidsoppgåver

  • Geoteknisk planlegging, rådgjeving og prosjektering i alle prosjektfasar
  • Geoteknisk planlegging og oppfølging ved gjennomføring av felt- og laboratorieundersøkingar
  • Prosjekt- og oppdragsleiing samt fagansvar i tverrfaglege oppdrag i alle prosjektfasar
  • Utarbeiding av spesifikasjonar og konkurransegrunnlag
  • Synfaringar og oppfølging på byggjeplass
  • Samarbeid og kontakt med interne og eksterne aktørar
  • Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid

Om deg

For oss er det viktig at du:

  • Har eit fagleg engasjement og god fagleg forankring
  • Er kreativ, løysingsorientert med analytiske evner
  • Tek initiativ, er målretta og resultatorientert
  • Er fleksibel og ansvarsbevisst
  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
  • Erfaring og ferdigheiter i bruk av prosjekterings- og berekningsverktøy som AutoCad Civil 3D, Novapoint, GeoSuite og Plaxis er ein fordel

Vi tilbyr

  • Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag
  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar
  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
  • Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet
  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv.