Sogn og Fjordane Energi søker trainee: Elektrifisering Bilde

Sogn og Fjordane Energi søker trainee: Elektrifisering

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Sogn og Fjordane Energi Gloppen Trainee
Sogn og Fjordane Energi Logo

Sogn og Fjordane Energi

Sørstrandsvegen 227
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Ole Bent Søreide
913 91 733

Søknadsfrist

22. mars 2021 Søk på stillinga her

Du søker direkte til Sogn og Fjordane Energi på denne traineestillinga.

Søk traineestilling

Om stillinga

Å sikre berekraftige løysingar, og bidra i kampen mot dei store klimautfordringane, er berebjelkar i Sogn og Fjordane Energi (SFE) si verksemd. I SFE arbeider vi kvar dag med å skape ei fornybar framtid.

Vil du starte jobbkarrieren din med noko som gir meining? Vi er på jakt etter deg som vil bidra i arbeidet med elektrifisering.

Å erstatte fossile energikjelder med fornybar energi er ei sentralløysing på klimautfordringane. Å elektrifisere samfunnet, og utvikle nye framtidsretta energiløysingar, er ein naturleg del av å vere ein stor produsent og distributør av fornybar energi.

Arbeidsoppgåver

Som trainee innan elektrifisering får du høve til å delta i våre innovasjons- og utviklingsprosessar for framtidas løysingar.Sentralt for SFE sitt arbeid innan dette området:

  • Arbeide med våre satsingar innan elektrifisering og nullutsleppsløysingar
  • Drive fram innovasjons- og utviklingsprosjekt innan elektrifisering og nye berekraftige energiløysingar, både i eigen organisasjon og saman med relevante partnarar


Kvalifikasjonskrav

Du har høgare utdanning innan klima, miljø, energi, eller teknologi.

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg


Om deg

  • Du har gode samarbeids-og kommunikasjonsevner.
  • Du er kreativ, utviklings- og moglegheitsorientert.
  • Du jobbar strukturert og målretta.
  • Du er eit friskt pust inn i vår organisasjon


Vi tilbyr

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv i vår region
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur saman med dei andre traineeane i ordninga

Det beste med å jobbe i SFE er at du får jobbe med varierte oppgåver som både er spennande og lærerike. Ein jobb her betyr å arbeide i ei framtidsretta bedrift kor ein får vere med å bidra til det grøne skiftet. I tillegg til kjekke og engasjerende arbeidsoppgåver vil ein også ha støttande og hyggelege kollegaer. Desse er som regel aldri redde for å dra ein spøk.

Dette er ein god kombinasjon som gjer at du vil trivast på jobb. Vi oppmodar kvinner om å søke.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2021 til august 2022.

Sogn og Fjordane Energi Kulturbilde