Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Seniorrådgjevar analyse og kvalitet | NAV Økonomiteneste | Sogndal | Fulltid |
NAV Økonomiteneste (ØT) leverer interne lønns- og rekneskapstenester til NAV, og vi er no på jakt etter ein erfaren seniorrådgjevar med interesse for rekneskap, analyse og kvalitetsarbeid. I denne stillinga vil du få ansvar for analyseteamet som jobbar med å utføre rekneskapsanalysar, som er viktige for å sikre god styring av NAV. I samarbeid med kompetente medarbeidarar vil du også jobbe med å vidareutvikle vårt kvalitetsmiljø, og bidra til at våre prosessar blir endå betre.
Økonomiområdet i NAV er under utvikling, og oppgåvene dine vil endre seg i takt med behovet for din kompetanse.
På kort sikt:
Det vil på lengre sikt vere aktuelt at du bidreg i arbeidet med å innføre statlege rekneskapsstandardar (SRS) i NAV
For å lykkast i denne rolla kjenner du deg kanskje igjen i dette
Du har gode analytiske evner, og du jobbar godt både sjølvstendig og saman med andre. Du kan sjå det store biletet, samtidig som du har auge for detaljar. Du tek initiativ og engasjerer dei rundt deg, og du kommuniserer godt med folk i alle delar av verksemda. Du jobbar strukturert og du evner å prioritere mellom ulike oppgåver. Di erfaring med analysearbeid har lært deg at analysen i seg sjølv ikkje er nyttig med mindre ein evner å omsette resultata til forbetringstiltak. Dette får du til gjennom evna til å formidle på ein pedagogisk og engasjerande måte.
Arbeidsstad er Leikanger, og vi praktiserer hybrid arbeidsplass med moglegheit for heimekontor.