Vil du bli vår nye samfunnsøkonom?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Samfunnsøkonom Lotteri- og stiftelsestilsynet Sunnfjord Fulltid
Lotteri- og stiftelsestilsynet Logo

Lotteri- og stiftelsestilsynet

Postboks 800
6805 Førde
Sjå bedriftsprofil

Kontakt

Henrik Nordal
992 84 309

Søknadsfrist

10. april 2021 Søk på stillinga her

Om stillinga

Lotteritilsynet har ansvar for å regulere pengespelmarknaden i Noreg og har eit viktig samfunnsoppdrag med stor politisk merksemd.

Avdeling for pengespel har ansvar for tilsyn med Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, i tillegg til spelansvar og kontroll av marknaden, for eksempel ulovleg marknadsføring, ulovlege pengespel og pyramidspel. Kampfiksingseininga høyrer også til i avdelinga. Lotteritilsynet jobbar elles med lotteriløyve og rekneskapskontroll, i tillegg til å godkjenne entreprenørar og kontrollere bingosektoren.

På avdeling for pengespel aukar etterspurnaden av samfunnsmessige kostnadar av ulike reguleringstiltak. Arbeidet er eit fundament for å kunne innrette både tilsynsaktivitet, forvaltning og kunnskapsproduksjon mest mogleg effektivt.

Arbeidsplassen er Førde som ligg sentralt plassert i vakre Vestland, mellom fjord og fjell. Avdelinga er samansett av juristar, samfunnsvitarar og økonomar i alle aldrar med lang og brei erfaring.

Arbeidsoppgåver

  • analyse av samfunnsmessige kostnader av ulike reguleringstiltak og anna saksbehandling i samsvar med den til ei kvar tids gjeldande prioritering
  • det er forventa at du proaktivt bidrar med kompetanse og sakshandsaming i ulike deler av organisasjonen


Kvalifikasjonskrav

Vi ser etter deg som likar å arbeide med varierte oppgåver knytt til samfunnsøkonomi. Erfaring frå fagområdet er å føretrekke, men ein nysgjerrig, lærevillig og nyutdanna økonom kan bli likestilt. Gode evner til å kunne forstå og forklare kompliserte samanhengar knytt til samfunnsoppdraget vårt er viktig.

  • mastergrad i sosialøkonomi, samfunnsøkonomi eller liknande. Relevant erfaring med påviste resultat kan kompensere for utdanningskravet.
  • godt skjønn og god regelforståing
  • god IT- og systemkompetanse, med evne til å setje seg raskt inn i nye system
  • god på å formidle skriftleg og munnleg


Om deg

Vi er på leit etter ein person med evne til å forstå og forklare samanhengar relevant for samfunnsoppdraget vårt med omsyn til samfunnsmessige konsekvensar. Organisasjonen vår har ein svært flat struktur, så du må kunne arbeide planmessig og sikre eiga framdrift. I tillegg må du jobbe godt i lag med andre.

  • du er god til å sjå samanhengar og konsekvensar innan fagfeltet
  • du evner å kommunisere komplekse problemstillingar på ein pedagogisk og presis måte både skriftleg og munnleg
  • du har gode samarbeidsevner og evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • du er initiativrik, har gjennomføringskraft og er lærevillig

Vi tilbyr

  • eit tverrfagleg arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn
  • positive og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for sine fagområde
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag
  • gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring
  • medlemskap i Statens Pensjonskasse, som gjev gunstige pensjons- og lånevilkår
  • fleksibel arbeidstid og betalt overtid
  • moderne kontorbygg i Førde sentrum, m.a. med eige treningsrom og kantine

Løn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som førsekonsulent, rådgjevar eller seniorrådgjevar med stillingskode 1408, 1434 eller 1364. Det blir trekt 2 prosent av lønna til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månadar. Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngje kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje stå på den offentlege søkarlista. Vi varslar deg dersom oppmodinga di om å stå som anonym søkar ikkje blir tatt til følgje.

Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn kallar vi inn minst ein av søkarane i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurderte som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkar oppfylle visse krav. Les meir om desse på Arbeidsgiverportalen . Vi oppmodar søkarar som har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn om å krysse av for dette i Webcruiter. Det dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer om i sine årsrapportar.

Om arbeidsgivaren

Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass med over 70 kunnskapsrike og engasjerte tilsette. Vi er to statlege tilsyn i ein organisasjon - begge med viktig samfunnsoppdrag.

Vi er eit av samfunnets viktigaste verkemiddel for å sikre ansvarlege pengespel, sterk frivilligheit og trygge stiftelsar.

Dei to tilsyna har felles administrasjon og held til i Førde. Sjå www.lottstift.no

Lotteri- og stiftelsestilsynet Kulturbilde