Er du ein dyktig relasjonsbyggjar med lidenskap for gode kundeopplevingar?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Salsrådgjevar (2 stillingar) Enivest Sunnfjord Fulltid
Enivest Logo

Enivest

Firdavegen 5, 6800 Førde, Norge
6800 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Regine Gausemel
95440058

Søknadsfrist

30. januar 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Enivest har passert godt over 20 000 kundar. I tråd med vår nye visjon sterkare band, ønskjer vi no å knytte sterkare band til kundane våre med ei ny satsing. Vi har herved gleden av å presentere ei ny avdeling i Enivest, Sal og Oppfølging.

I avdeling Sal og Oppfølging satsar vi på proaktivt arbeid ut mot nye og eksisterande kundar. Vi skal fokusere på aktiv kundeoppfølging og reisevirksomheit ut på besøk til kundane våre.

Er du ein seljar? Innehar du konkurranseinstinkt, er sjølvgåade, og ikkje minst; Har du ein skikkelig vinnarskalle? Då oppfordrar vi deg til å søkje og delta i denne spennande nysatsinga!

Vi søkjer deg som er lidenskapeleg opptatt av sal- og kundebehandling, har eit stort konkurranseinnstinkt og som har eit ønskje om å vidareutvikle deg i ein spennande bransje.

Du vil i stor grad få ein variert arbeidskvardag, og du vil ha muligheit til å både jobbe sjølvstendig, såvel som saman med verdas beste kollegaer i team.
I periodar vil du ha heile Sogn og Fjordane som arbeidsplass!

Saman med kundesenteret skal vi skape gode kunde opplevingar, enten via telefon eller på besøk ute hos kunde. Vi skal vere der det skjer, på festivalar, arrangement og på stand. Det blir konkurransar på meirsal og nysal.

Kvifor skal du velje oss?

  • Vi er eit lokalt selskap i vekst, med ei utvikling som du kan vere med å påverke
  • Du blir ein del av eit sterkt tverrfagleg team
  • Du får gode moglegheiter til å utvikle deg både fagleg og personleg
  • Du kjem inn i eit godt arbeidsmiljø og eit team som hjelper kvarandre
  • Du får spennande og hektiske arbeidskvardagar
  • Vi har konkurransedyktige vilkår
  • Vi har gode forsikrings- og pensjonsordningar

Som breibandsleverandør eig og driftar Enivest samfunnskritisk infrastruktur og tenester. Dette er eit ansvar vi tek på alvor, og vi er stolte av å kunne vise til ei stabil drift- og tenesteyting til våre kundar i privat og offentleg sektor. Som Salsrådgjevar i Enivest får du muligheit til å vere med på å auke kundetilfredsheit, og du vil vere kundens røyst til Enivest!


Om dette høyrast interessant ut vil vi råde deg til å søkje. Informasjon vedrørande søknaden vert handsama konfidensielt, også overfor vår oppdragsgjevar dersom dette er eit ønskje.

Aktuelle kandidatar vert kontakta for intervju fortløpande.

Ved spørsmål om stillinga kan ein kontakte rekrutterar Regine Gausemel tlf: 95440058, eller på epost: regine.gausemel@randstad.no