Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Revisor til Stiftelsestilsynet | Lotteri- og stiftelsestilsynet | Sunnfjord | Fulltid |
Vi søker etter ein revisor til Stiftelsestilsynet, som skal vere med å utvikle tilsynsarbeidet vårt saman med eit engasjert og sterkt fagmiljø.
Samfunnsoppdraget til Stiftelsestilsynet er å trygge norske stiftelsar og bidra til at stiftelsar kan vere ein attraktiv måte å utvikle samfunnet på. Det gjer vi ved å utarbeide og dele kunnskap, gi informasjon og rettleiing til styra i norske stiftelsar. Vi fører også tilsyn og kontroll med at stiftelsar etterlever regelverket, og at dei forvaltar midlane i tråd med formålet. Det ligg store verdiar i norske stiftelsar og målet er at mest mogeleg av desse midlane skal gå til formåla.
Som revisor hos oss får du ei viktig rolle i arbeidet med å forbetre korleis vi jobbar med risikoanalyse, og du vil vere ei økonomifagleg tyngde inn i tilsynsteamet vårt. Alle stiftelsar har revisor og det er viktig å utvikle samarbeidsflatene inn mot denne bransjen. Det gjeld også inn mot andre interesseorganisasjonar, offentlege aktørar og private kontrollinstansar, for å sikre samfunnsoppdraget.
Stillinga gir stor breidde og variasjon, og høve til å tenke nytt. Vi ser derfor etter deg som jobbar sjølvstendig, som nyttar handlingsrommet du får og du likar å sette deg inn i nye tema og område.
Du likar å jobbe med tal og samanstillingar, og har god forståing for rekneskap og revisjon. Vi ser etter deg som er analytisk, og som har lyst å jobbe tverrfagleg med å utvikle arbeidet i i Stiftelsestilsynet.
Har du spørsmål eller berre lyst å høyre meir om arbeidet? Ring oss, vi fortel gjerne om jobben.
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Lønn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som rådgivar/seniorrådgivar stillingskode 1434/1364. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge, varslar vi deg på førehand.
Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.