Lotteri- og stiftelsestilsynet Hovedbilde

Revisor eller økonom med hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne? Vi er på jakt etter deg

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Revisor eller økonom til Stiftelsestilsynet Lotteri- og stiftelsestilsynet Sunnfjord Trainee
Lotteri- og stiftelsestilsynet Logo

Lotteri- og stiftelsestilsynet

Postboks 800
6805 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Siw Heggedal Longvastøl
900 74 974

Søknadsfrist

29. august 2021 Søk på stillinga her

Du søker direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet på denne traineestillinga.

Søk traineestilling

Om stillinga

Vi treng deg som er revisor eller økonom, til å løyse fleire av våre oppgåver i Stiftelsestilsynet.

Stillinga er ein del av traineeprogrammet i staten, og er reservert for søkarar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV, med høgare utdanning. Meir informasjon om traineeprogrammet i staten finn du her.

Stiftelsestilsynet fører tilsyn og kontroll med forvaltning av store verdiar i norske stiftelsar. Jobben vår er å trygge norske stiftelsar og å bidra til at stiftelsar kan vere ein attraktiv måte å utvikle samfunnet på. Tilsynsarbeidet er i spenningsfeltet mellom økonomi og jus, og har mange spennande problemstillingar knytt til korleis styret forvaltar stiftelsen sine verdiar.


Vi ser etter ein nytenkande og analytisk revisor eller økonom med revisjonserfaring, som har lyst til å vere med og vidareutvikle dette arbeidet. Kanskje er det deg?

Arbeidsoppgåver

  • Tilsyn etter stiftelseslova
  • Førebyggande arbeid og utvikling av tilsynsaktivitetar
  • Rettleiing og dialog med stiftelsar og samarbeidspartnarar
  • Vere med å utvikle fagområdet

Kvalifikasjonskrav

Til jobben treng vi deg som har høgare utdanning på mastergradnivå innan revisjon eller økonomi. Du har:

  • God rekneskaps- og forretningsforståing
  • Erfaring frå revisjon- og/eller tilsynsmetodikk
  • Erfaring frå selskapsrett er ein fordel
  • Erfaring frå kunnskapsbygging og formidling er ein fordel

For å bli vurdert til stillinga, må du stadfeste at du er i målgruppa, ved å krysse av for nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en i søknaden.

Her finn du definisjon på nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Personlege eigenskapar

Om deg

  • Du tek initiativ, tar utfordringar og samarbeider godt med andre
  • Du har gode analytiske ferdigheiter
  • Du jobbar strukturert og med presisjon
  • Du er samfunnsengasjert og har evne til å tenke heilskapleg
  • Du har gode kommunikasjonsevner

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • Midlertidig tilsetting i eitt år
  • Som ein del av traineeprogrammet vil du delta i eit obligatorisk medarbeidarutviklingsprogram i regi av DFØ
  • Stillinga er 100 prosent, men det kan vi endre ved behov for tilrettelegging

    I tillegg tilbyr vi:
  • Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn
  • Positive og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for fagområda sine
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag
  • Gode velferdsordningar og generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse, som gir gunstige pensjons- og lånevilkår
  • Fleksibel arbeidstid og betalt overtid
  • Moderne kontorbygg i Førde sentrum, med eige treningsrom og kantine
  • IA-bedrift

Lønn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som rådgivar/seniorrådgivar stillingskode 1434/1364. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader. Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysingar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Vi varslar deg dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge.

Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Lotteri- og stiftelsestilsynet Kulturbilde