Reinhaldar

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Stad kommune Stad Deltid

Om stillinga

Vil du bidra til eit trygt og godt arbeidsmiljø i Stad kommune? Vi søkjer etter reinhaldarar!
Stad kommune har for tida ledig 3x 50%-stillingar innan reinhald med tilsetjing frå så snart som mogleg. Stillingane har arbeidstad i indre del av Stad kommune. I tilfelle intern tilsetjing kan det også bli ledge vikariat.
Reinhaldstenesta i Stad kommune er organisert i eining for eigedom saman med vaktmestertenesta. Reinhaldstenesta er svært viktig i ein kommune med aktivitet i mange kommunale bygg og med ansvar for tenesteyting i private heimar. Reinhald er ei samfunnskritisk oppgåve som kan sikre tryggleik og gode arbeidsforhold for tilsette, elevar, barnehageborn og andre som nyttar kommunale tenester dagleg. Vi søkjer no etter mange nye tilsette og vil gjerne ha deg som vil bidra til å gjere Stad kommune til ei endå betre kommune!
Som reinhaldar i Stad kommune vil du få varierte arbeidsoppgåver innan reinhald av kommunale bygg og i private heimar. Reinhaldstenesta arbeider etter arbeidsplan med rullering, noko som betyr at du ikkje vil arbeide på same staden kvar dag, men på mange ulike stader i løpet av året.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre ordinært reinhald i kommunale bygg og i private heimar
  • Utføre periodisk reinhald etter plan
  • Nytte tilpassa maskiner og utstyr
  • Sørge for trygge og reine omgjevnader for tilsette og andre
  • Bidra til å utvikle reinhaldstenesta

Kvalifikasjonskrav

  • Fagbrev som reinhaldsoperatør/reinhaldsfaget, men andre kan også søkje
  • Meistrar norsk både skriftleg og munnleg
  • Må ha førarkort kl B

Om deg

  • Kan arbeide sjølvstendig, men også i samarbeid med andre
  • Er allsidig, fleksibel, serviceinnstilt og kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Er grundig og effektiv
  • Kan bruke digitale verktøy i arbeidet

Vi tilbyr

  • Rotasjonsordning, slik at du arbeider på fleire stader etter plan
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Vi legg til rette for kurs og opplæring
  • Løn etter kommunale vilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Vi kan tilby flyttegodtgjersle om du vil flytte til kommunen vår


Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Vi ber om relevante referansar av nyare dato. Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ta gjerne kontakt for ein prat om stillingane!