NAV Økonomiteneste Hovedbilde

Vil du jobbe med økonomi i eit stort fagmiljø

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Rådgjevar på lønnsområdet NAV Økonomiteneste Sogndal Fulltid
NAV Økonomiteneste Logo

NAV Økonomiteneste

Sognefjordvegen 56
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Kari Hilde Skjæret
95982919

Søknadsfrist

5. juli 2022

Om stillinga

Ynskjer du å jobbe med lønn og rekneskap i eit framtidsretta fagmiljø? No har du sjansen til å bli ein del av NAV Økonomiteneste på Leikanger. Vi leverer interne lønns- og rekneskapstenester til NAV, og no styrkar vi laget med både faste og mellombelse stillingar.

Vi har no særskilt behov for fleire kollegaer på lønnsområdet. Lønnsseksjonen har ansvar for lønnsutbetaling, handsaming av reiserekningar, forvaltning av tidregistreringssystem samt refusjon av foreldre- og sjukepengar for alle tilsette i NAV. Økonomiområdet i NAV er under utvikling, og vi tek stadig i bruk nye digitale løysingar for å utføre oppgåvene meir effektivt og auke kvaliteten på tenestene våre. Oppgåvene dine vil kunne endre seg ut frå dine interesser og vårt behov for din kompetanse.

Vi leiter etter deg som har god forståing for økonomi, og gjerne erfaring frå lønns- og rekneskapsoppgåver. Du er velkomen til å søke, uavhengig av om du er nyutdanna, eller har lang

Arbeidsoppgåver

  • · Lønnsarbeid frå A-Å
  • · Rådgjeving
  • · Refusjon av sjuke og foreldrepengar
  • · Handtere reiserekningar
  • · Det kan også bli aktuelt med oppgåver innan innkjøp, betaling og rekneskap

Kvalifikasjonskrav

  • · Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå
  • · Lang relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • · God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • · Gode digitale ferdigheiter og gjerne kompetanse i Unit4
  • · Kjennskap til statleg regelverk på området er ein fordel

· Personlege eigenskapar vil bli lagt stor vekt på 


Om deg

Vi er ute deg som er analytisk, systematisk og nøyaktig. Du jobbar godt sjølvstendig, og du har gode evner til samhandling. Du må ha ei positiv innstilling til endringar og ta utfordringar på strak arm. Du har evne til å prioritere mellom oppgåver og du må trivast med periodevis høgt tempo.

Vi tilbyr

  • · Eit godt, inspirerande fagmiljø med spennande oppgåver
  • · Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • · Familievennleg personalpolitikk med gode velferdsordningar
  • · Gode arbeidstidsordningar med fleksitid og treningstime i arbeidstida
  • · Lønn som rådgjevar/seniorrådgjevar i lønnsspenn kr. 509 500 – 604 400 brutto pr år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
  • · God pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse
  • · Arbeidsstad er Leikanger, og vi praktiserer hybrid arbeidsplass med moglegheit for heimekontor
NAV Økonomiteneste Kulturbilde