Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Sogndal kommune | Sogndal | Fulltid |
Sogndal kommune skal yta gode og likeverdige tenester. Me skal nå nasjonale målsetjingar og måla i samfunnsplanen for kommunen.
Kommunen skal styrka det tverrfagleg samarbeid for å yta best mogleg tenester for barn og unge. Me har ledig eit 2-årig engasjement som rådgjevar i arbeidet for barn og unge.
Stillinga skal ha særskild merksemd på førebyggande arbeid og tidleg innsats gjennom plan- og systemarbeid. Ein del av stillinga vil vera å aktivt søka finansiering frå eksterne.
Stillinga er plassert i Familiens hus og er ein del av oppvekstadministrasjonen. Du skal samarbeida og syta for samhandling mellom tenester for barn, unge, føresette og familiar.
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Personlege eigenskapar vert vektlagde.
Me tilbyr:
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.