PwC Hovedbilde

Vi styrkar vår satsing innan PwC Financepartner og ser etter deg som vil litt meir!

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
PwC søkjer medarbeidar til Financepartner-satsinga vår PwC Sunnfjord Fulltid

Om stillinga

PwC Financepartner er i sterk vekst. Vi søkjer no etter framoverlente medarbeidarar med erfaring frå økonomifunksjonen for å kunne vekse vidare.

Våre kontor er lokalisert i Førde, Florø, Sogndal, Sandane, Måløy og Stryn.

Vi i PwC Sogn og Fjordane tilbyr deg ein utfordrande og spennande jobb i ei av Noreg og regionen si leiande kompetansebedrift.

Arbeidsoppgåver

PwC Financepartner-konseptet består av å bistå verksemder i privat sektor med å sette saman ein økonomifunksjon tilpassa deira behov, og å sikre langsiktig tilgang til den kompetansen dei treng.

Vi tilbyr ein fleksibel økonomifunksjon, med kompetanse og omfang tilpassa bedrifta sine spesifikke behov, frå løpande støtte til drifting av heile økonomifunksjonen.

Konseptet er skreddersydde pakkar som kan bestå delvis av CFO, CEO, COO, rekneskapsansvarleg osv. Dette er framtidsretta løysingar som gir utvikling for både kundane og våre medarbeidarar.

Du kan lese mer om konseptet på våre nettsider.

Er dette noko du ønskjer å vere ein del av?

Kvalifikasjonskrav

Vi søker deg som:

  • Har operativ erfaring innan økonomi, herunder erfaring frå roller som CFO, økonomisjef, Business Controller, Finance Controller etc.
  • Gjerne erfaring som revisor eller konsulent
  • Forretningsforståing - og evna til å byggje sterke kunderelasjonar
  • Er rå på samhandling og er serviceinnstilt
  • Relevant høgare økonomisk utdanning, med gode akademiske resultat

Om deg

  • Du ønskjer å hjelpe økonomifunksjonen med å bli meir effektive, levere god styringsinformasjon og ha god kontroll.
  • Du blir motivert av å jobbe tett i lag med kundane
  • Du er læringsvilleg og nysgjerrig på teknologi og nye måtar å jobbe på

Vi tilbyr

Her får du sjansen til å jobbe med varierte arbeidsoppgåver, samt byggje nettverk både lokalt, regionalt og nasjonalt. I PwC Sogn og Fjordane er vi nærare 50 revisorar, rådgjevarar og advokatar som dagleg jobbar for å realisere vår misjon om å byggje tillit i samfunnet og løyse viktige problem.

Ei karriere hos oss vil gi deg

  • Ein spennande jobb i ei leiande kompetansebedrifter
  • Motiverte, dyktige og verdidrevne kollega
  • Eit stimulerande og godt sosialt miljø med moglegheit for store faglege utfordringar
  • Konkurransedyktige vilkår
PwC Kulturbilde