PwC Hovedbilde

Bli med oss på en spennende endringsreise innen revisjonsfaget!

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
PwC søkjer erfarne revisorar i Sogn og Fjordane PwC Stryn Fulltid

Om stillinga

Har du erfaring med revisjon eller økonomi, og er nysgjerrig på ei stilling i PwC?

PwC Nordvest søkjer fleire revisjonsmedarbeidarar til kontora våre i Førde,Florø, Måløy og Stryn.

PwC Nordvest er det leiande revisjonsmiljøet i Nordvest. Fleire av våre kundar er blant dei fremste i sine bransjar både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Vi jobbar målretta med å byggje lokal kompetanse og har eit tverrfagleg og hyggeleg miljø med ca 85 tilsette innan rådgjeving, revisjon og advokattenester. Vi har kontor i Ålesund, Molde, Ulsteinvik, Stryn, Måløy, Sandane, Førde, Florø og Sogndal.

Vi har fokus på personleg og fagleg utvikling, og vi vil gje deg moglegheiter som triggar din motivasjon, samtidig som vi skapar resultat ilag.

Arbeidsoppgåver

PwC tilbyr deg ein utfordrande og spennande jobb. Hos oss får du moglegheita til å jobbe med varierte arbeidsoppgåver, samt byggje nettverk både lokalt, regionalt og nasjonalt. Som revisor i PwC vil du få bidra inn i eit variert spekter av prosjekt, og vil få høve til å jobbe ilag med oss og våre kundar for å løyse framtida sine utfordringar.

Kvalifikasjonskrav

Vi søkjer deg som kjenner deg igjen i fleire av punkta under:

  • Siviløkonom, master i økonomi og administrasjon/ regnskap og revisjon, revisor eller tilsvarende utdanning. Spesielt kvalifiserte BSc utdanna vil også bli vurdert
  • Fagleg dyktig og god teoretisk forståing i økonomiske fag
  • Nokre års erfaring frå revisjon eller anna økonomistilling (2+ år)

Om deg

  • Du blir motivert av å jobbe tverrfagleg og løyse komplekse utfordringar
  • Er læringsvilleg og nysgjerrig på teknologi og nye måtar å jobbe på
  • Er marknadsorientert og ser moglegheiter
  • Analytiske ferdigheiter
  • God forretningsforståing
  • Gode samarbeids- og relasjonseigenskapar
  • Høg grad av integritet

Vi tilbyr

I PwC får du sjansen til å jobbe med spennande oppdrag hos leiande verksemder, både i offentleg og privat sektor. Du blir del av eit utviklande og godt arbeidsmiljø, der vi har sett fagleg og personleg utvikling i system. PwC har konkurransedyktige vilkår, samt gode pensjons- og forsikringsordningar.

PwC Kulturbilde