Planleggar

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Stad kommune Stad Fulltid

Om stillinga

Stad kommune har ledig to års 100% engasjement som arealplanleggar i eininga plan- og forvaltning med moglegheiter for fast tilsetjing. Eininga har base på Nordfjordeid, men om du ønskjer kan du også få kontorstad i Selje.

Som tilsett i Stad kommune vil du få høve til å delta i utforminga av Stad kommune og ta pulsen på lokalsamfunna i Stad. Stillinga byr på utfordrande arbeidsoppgåver og krev god planfagleg kompetanse. Arbeidet medfører stort ansvar og er prega av tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne aktørar. Du får i denne jobben gje råd, behandle saker og utforme planar etter plan- og bygningslova.

Eininga plan og forvaltning inngår i kommunalområdet Kultur og samfunn. Eininga har ti tilsette, to av desse har i dag kontorstad i Selje. Tilsette i eininga arbeider mellom anna med plan-, og byggjesaker, oppmåling, ajourhald av kommunen sitt kartverk, landbruk og miljøsaker. Årsaka til at vi no oppretter eit engasjement som planleggjar er midlertidig meirarbeid som følgje av arbeidet med Stad skipstunnel.

Arbeidsoppgåver

  • Påverke utviklinga av lokalsamfunnet gjennom godt planarbeid
  • Dialog med private interessentar og offentlege styresmakter
  • Utarbeiding, retting og ajourhald av planar i digitale kartprogram
  • Saksførebuing etter plan- og bygningslova
  • Andre arbeidsoppgåver etter behov

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant utdanning på høgskule eller universitetsnivå, til dømes samfunnsgeografi, arealplan, samfunnsplan eller liknande
  • God rolle-, system- og organisasjonsforståing
  • God kjennskap til offentleg forvaltning, forvaltningsnivåa og lovverk
  • Særs god norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne

Om deg

  • Løysingsorientert med interesse for tverrfagleg samarbeid og samskaping
  • God samfunnsforståing og samhandlingskompetanse
  • Sjølvstendig og resultatorientert

Vi tilbyr

  • Utviklande og spennande oppgåver
  • Eit arbeidsmiljø basert på verdiane nær, raus, skapande og heilhjarta
  • Deltaking i eit utviklande og innovativt leiarteam
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Løn etter avtale

Stad kommune har seks månader prøvetid. Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentleg sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Vi ber om at søkjar fører opp referansar.