Vi søkjer personalsjef til varierte og spanande oppgåver

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Personalsjef Fjaler kommune Fjaler Fulltid

Om stillinga

Som personalsjef i Fjaler kommune blir du ein del av kommunedirektøren si leiargruppa og får arbeide breidt innan HR-området med både leiarstøtte og rekruttering, samt ulike organisasjonssaker i skjeringspunktet mellom forvaltning og utvikling.

I avdeling personal og organisasjon vil du som leiar få eit overordna ansvar for fagområde personal og løn, post/sak/arkiv, politisk sekretariat, kvalitet og HMS/internkontroll. Du vil ha personalansvar for fem dyktige tilsette.

Det er viktig at du har brei kompetanse på HR-området slik at du kan rådgje og gi rettleiing fundamentert både i regelverk, men og med kompetanse på rådgjeving. Du må kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre. Du må trivast i ein kompleks organisasjon der du har relasjonar til både leiarar, tillitsvalde og medarbeidarar i heile organisasjonen.

Den vi ser etter må vere ein pådrivar for å finne meir effektive måtar å jobbe på, og sette pris på auka digitalisering innan dei ansvarsområda som ligg til stillinga.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

Har du spørsmål til stillinga kan du kontakte kommunedirektør Bente Nesse.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

  • Leiarstøtte: Opplæring og rådgjeving på HR-området
  • Greie ut og gjennomføre ulike organisasjonssaker
  • Lønsforhandlingar
  • Rekruttering og lønsfastsetting
  • Utforming og oppfølging av personalpolitikk og regelverk
  • Sakshandsaming

Kvalifikasjonskrav

  • Høgare utdanning i relevante fag slik som HR, arbeidsrett, samfunnsvitskap el.a.
  • Kunnskap om HR-området både på forvaltnings- og utviklingssida
  • Kunnskap om og erfaring med leiarstøtte
  • Relevant erfaring frå HR-arbeid frå ein stor og kompleks organisasjon, gjerne innan offentleg verksemd
  • God framstillingsevne munnleg og skriftleg

Om deg

  • God relasjonskompetanse
  • Høg arbeidskapasitet
  • Strukturert og systematisk
  • Initiativrik
  • Evne til å sjå løysingar

Vi tilbyr

  • Eit triveleg og engasjert arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktig løn
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår