Økonom på jobbjakt? Vi har 3 ledige stillingar

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Økonom på jobbjakt? Lotteri- og stiftelsestilsynet Sunnfjord Fulltid
Lotteri- og stiftelsestilsynet Logo

Lotteri- og stiftelsestilsynet

Postboks 800
6805 Førde
Sjå bedriftsprofil

Kontakt

Marianne Skjeldestad Hove
907 96 089

Søknadsfrist

12. juni 2021

Om stillinga

Er du nyutdanna økonom, eller har lyst på nye utfordringar? Vi har ledig engasjement for 3 sakshandsamarar frå juni og ut 2021. Det er mogleg tidsperioden vert forlenga.

Avdeling for frivilligheitstøtte har ansvar for ulike tilskotsordningar til frivillig sektor. Vi fordeler momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar, både gjennom den alminnelege ordninga og ved bygging av idrettsanlegg. Vi forvaltar også krisepakkane/stimuleringsordningane for frivilligheita, og har ansvar for tilsyn med Grasrotandelen. I 2020 fordelte vi om lag 4,3 milliardar kroner til nær 33.000 organisasjonar.

Vi er ein dynamisk og løysingsorientert gjeng på 15 personar som gler oss til å få deg med på laget. Arbeidsplassen er Førde som ligg sentralt plassert i vakre Vestland, mellom fjord og fjell. 

Arbeidsoppgåver

Sakshandsaming av søknader frå frivillig sektor.

Kvalifikasjonskrav

Bachelor i rekneskap og revisjon/økonomi, eller anna relevant bakgrunn.

Om deg

  • engasjert og strukturert
  • samarbeider godt med andre
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Vi tilbyr

  • tverrfagleg arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag
  • positive og engasjerte kollegaer med stor interesse for fagområda sine
  • gode velferdsordningar og generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring
  • medlemskap i Statens Pensjonskasse, som gir gunstige pensjons- og lånevilkår
  • fleksibel arbeidstid
  • moderne kontorbygg i Førde sentrum, med eige treningsrom og kantine

Løn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som førstekonsulent/rådgjevar stillingskode 1408/1434. Det blir trekt 2 prosent av løna til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månadar. Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje stå på den offentlege søkarlista. Vi varslar deg dersom oppmodinga di om å stå som anonym søkar ikkje blir tatt til følgje.

Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn kallar vi inn minst ein av søkarane i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkar oppfylle visse krav. Les meir om desse på Arbeidsgiverportalen . Vi oppmodar søkarar som har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn om å krysse av for dette i Webcruiter. Det dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer om i sine årsrapportar.

Om arbeidsgivaren

Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass med over 70 kunnskapsrike og engasjerte tilsette. Vi er to statlege tilsyn i ein organisasjon - begge med viktig samfunnsoppdrag.Vi er eit av samfunnets viktigaste verkemiddel for å sikre ansvarlege
pengespel, sterk frivilligheit og trygge stiftelsar.

Dei to tilsyna har felles administrasjon og held til i Førde. Sjå www.lottstift.no


Lotteri- og stiftelsestilsynet Kulturbilde