Miljøterapeutar til nytt bufellesskap

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Stad kommune Stad Fulltid

Om stillinga

Vil du vere med og utvikle gode helsetenester i nytt bufellesskap i Stad kommune?
Bu- og miljøtenesta i Stad kommune ved avdeling Myroldhaug ledig fast stilling på 100 % som miljøterapeut i 2:1-tiltak med tenestestad Nordfjordeid. Stillinga er inkludert 20 % frie timar. Turnusen er lagt opp etter eit medleverprinsipp med døgnvakter eller langvakter i samla arbeidsperiodar og periodar med natt. På grunn av behov søkjer vi i hovudsak etter mannlege tjenesteytarar, men kvinner med erfaring kan også søkje. Stillingar er ledige frå dags dato.
Bu- og miljøtenesta er ei teneste i stadig utvikling. Tenesta har fleire tenestestader med heildøgnsdrift og oppfølging av heimebuande brukarar. Tenesta får nye lokale frå august 2021. Brukargruppa er samansett av menneske med ulike funksjonsnedsettingar i ulik alder og livssituasjon. Det overordna målet for bu- og miljøtenesta er å bidra til at tenestemottakarane oppnår høgast mogleg grad av livskvalitet.

Arbeidsoppgåver

  • Vernepleie- og sjukepleiefaglege oppgåver, miljøterapi, omsorg og behandling
  • Skape ein god heim
  • Kartlegge og vurdere behov
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer

Kvalifikasjonskrav

  • Helsefagleg, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå , eller helsefagarbeidarar med erfaring frå 2:1 eller 1:1-tiltak
  • Kandidatar med erfaring frå 2:1 eller 1:1-tiltak som ønskjer å ta utdanning som vernepleiar eller sjukepleiar kan også søkje
  • Gjerne relevant vidareutdanning og kurs
  • Andre med relevant erfaring og gode, personlege eigenskapar kan også søkje
  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Aktuelle kandidatar må ha førarkort
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Om deg

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å etablere god samhandling med fokus på ro, tryggleik og funksjonell kommunikasjon
  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Tek initiativ og ansvar
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • På denne arbeidsplassen er det i hovudsak behov for mannlege søkjarar

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid
  • Høve til å skape eit godt arbeidsmiljø i nye lokale
  • Høve til fagleg utvikling
  • Vi legg til rette for vidareutdanning på område som kommunen har behov for
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Vi tilbyr flyttegodtgjersle dersom du vil flytte til kommunen vår


Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden. Referansar skal leggast ved. Stad kommune har 6 månader prøvetid. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med einingsleiar Katrine Holvik Skinlo (97531483) eller avdelingsleiar Sven Morten Eikeset (40038990).