Miljøterapeut i opplæring og integrering

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Stad kommune Stad Fulltid

Om stillinga

Opplæring og integrering har ledig 100% fast stilling som miljøterapeut i opplæring og integrering frå 01.07.2022
Opplæring og integrering har ansvar for mottak, busetting, opplæring og sysselsetting av flyktningar i Stad kommune. Eininga er sett saman av vaksenopplæring, integreringsteneste og miljøteam. Eininga spelar ei viktig rolle for realisering av strategisk satsing innan mottak, busetting, integrering, opplæring og sysselsetting, og for flyktningane si deltaking i samfunnslivet.
Stad kommune buset flyktningar etter avtale med IMDI (Integrerings og- mangfaldsdirektoratat). Det er integreringstenesta i Opplæring og integrering som har ansvaret for denne jobben. Opplæring og integrering ligg under kommunalområdet Oppvekst og opplæring i Stad kommune. Denne stillinga er knytt til miljøteamet som har som oppgåve å følgje opp familiane etter busetting.
Tenesta ønskjer også tilkallingsvikarar. I tillegg til gode norskkunnskapar, vil russisk- og ukrainsktalande bli prioriterte i vurderinga.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for det faglege rundt dei brukarane ein har ansvar for i eit fagleg miljøteam
  • Planlegge og delta i terapeutisk miljøarbeid
  • Kartlegge og vurdere behov, vurdere og følgje opp tiltaka
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
  • Tverrfagleg samarbeid og arbeid i team
  • Rettleie studentar, lærlingar og andre

Kvalifikasjonskrav

  • Treårig helsefagleg, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå
  • Gjerne erfaring frå å jobbe med åtferd og miljøarbeid
  • Andre med relevant erfaring og gode personlege eigenskapar kan også søkje
  • I tillegg er det ønskeleg med relevant vidareutdanning og kurs
  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Aktuelle kandidatar må ha førarkort kl B

Om deg

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å etablere god samhandling med fokus på ro, tryggleik og funksjonell kommunikasjon
  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Tek initiativ og ansvar
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling
  • Vi legg til rette for vidareutdanning på område som kommunen har behov for
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Vi tilbyr flyttegodtgjersle dersom du flyttar frå annan kommune


Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden. Vi ber om relevante referansar av nyare dato. Politiattest skal leggast fram før start i stillingaStad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ta gjerne kontakt for ein prat om stillinga!