Miljøterapeut eller miljøarbeidar

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Stad kommune Stad Fulltid

Om stillinga

Vil du vere med og utvikle helsetenestene i Stad kommune?

Bu -og miljøtenesta i Stad kommune har ledig 1 x 100 % og 1 x 80 % fast stilling. Alle stillingane er inkludert 20% frie timar. Stillinga har tredelt turnus.
Bu- og miljøtenesta er ei teneste i stadig utvikling. Tenesta har fleire tenestestader med heildøgnsdrift og oppfølging av heimebuande brukarar. Brukargruppa er samansett av menneske med ulike funksjonsnedsettingar i ulik alder og livssituasjon. Det overordna målet for bu- og miljøtenesta er å bidra til at tenestemottakarane oppnår høgast mogleg grad av livskvalitet og livsmestring.
Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. Vi ønskjer deg med på laget! Dersom du ønskjer heil stilling og vil arbeide i fleire einingar, så vil forsøke å legge til rette for det.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for det faglege rundt dei brukarane ein er primærkontakt for
  • Kartlegge og vurdere behov
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
  • Tverrfagleg samarbeid og arbeid i team
  • Rettleie studentar, lærlingar og andre

Kvalifikasjonskrav

  • Treårig helsefagleg, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå
  • Fagbrev som helsefagarbeider, gjerne med erfaring frå å jobbe med åtferd og miljøarbeid
  • Andre med relevant erfaring og gode, personlege eigenskapar kan også søkje
  • I tillegg er det ønskeleg med relevant vidareutdanning og kurs
  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Aktuelle kandidatar må ha førarkort

Om deg

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Evne til å etablere god samhandling med fokus på ro, tryggleik og funksjonell kommunikasjon
  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Tek initiativ og ansvar
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling
  • Vi legg til rette for vidareutdanning på område som kommunen har behov for
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Vi tilbyr flyttegodtgjersle dersom du flyttar frå annan kommune


Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden. Vi ber om relevante referansar av nyare dato. Politiattest skal leggjast fram før start i stillingaStad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ta gjerne kontakt for ein prat om stillinga!