Maskinførar

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Stad kommune Stad Fulltid

Om stillinga

Stad kommune har ledig 200 % faste stillingar som maskinførarar i eining for kommunalteknikk.
Dei som vert tilsette i stillingane får oppmøtestad i Øyane, på Nordfjordeid. Hovuddelen av arbeidet vil vere i indre del av kommunen, men det vil også vere behov for å utføre oppdrag i ytre.
Eining for kommunalteknikk har ansvar for all offentleg infrastruktur som veg, vassforsyning og avløpshandtering/overvatn. Vi har ein brei bil-, maskin- og utstyrspark, og vi har eigen verkstad i Øyane.

Arbeidsoppgåver

  • Hovudoppgåva for stillingane er å delta i drift og vedlikehald av det kommunale vegnettet, samt anleggsarbeid generelt for kommunalteknikk.
  • Du vil delta i mindre vegprosjekt som Stad kommune utfører i eigen regi
  • Oppgåver knytt til drift og vedlikehald på kommunale eigedomar og grøntområder
  • Stad kommune vil ha behov for fleire som kan gå inn i beredskapslag på brøyting (nov-mars)
  • Vi ber som at søkjarar særskilt omtaler i søknaden om ein kan delta i brøytevakt.

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant fagbrev er ønskeleg
  • Erfaring frå tilsvarande relevant arbeid – allsidig praksis og erfaring frå større anleggsmaskiner er ønskeleg
  • Maskinførarbevis
  • Førarkort minimum kl B, og helst BE og C1
  • Erfaring frå brøyting og bruk av brøyteutstyr
  • Førarkort traktor

Om deg

  • Vi ønskjer oss systematiske, resultatorientert eog ryddige personar med gode samarbeidsevner
  • Våre nye medarbeidarar må vere ansvarsbevisste og kunne jobbe både sjølvstendig og i team
  • Vi ønskjer deg som er motivert for ein utfordrande og spennande jobb og medverkar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Utfordrande og svært varierte arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø
  • Løn etter kommunale vilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Flyttegodtgjersle om du vil flytte til kommunen vår


Vi ber om at attestar, vitnemål og relevante referansar vert lagt ved søknaden.
Stad kommune har seks månader prøvetid. Poitiattest skal leggast fram før start i stillinga. Aktuelle søkjarar må ha førarkort. Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ring gjerne for ein prat!