Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Lotteri- og stiftelsestilsynet | Sunnfjord | Trainee |
Du søker direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet på denne traineestillinga.
Søk traineestillingLotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass med over 70 kunnskapsrike og engasjerte tilsette. Vi skal sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Din arbeidsplass blir i kommunikasjon- og strategistaben, saman med tre tilsette.
No ser vi etter ein engasjert trainee som kan bidra i vårt kommunikasjonsarbeid. I løpet av perioden vil du jobbe innan alle dei tre fagfelta til Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Du vil ta del i Framtidsfylket sitt traineeprogram frå august 2021 til august 2022.
Vi ser etter ein nyutdanna, engasjert og serviceinnstilt person som har relevant høgare utdanning innan kommunikasjon, journalistikk, medievitskap eller liknande. Som trainee i kommunikasjonsstaben vår er det viktig at du samarbeider godt med andre, men også evnar å jobbe sjølvstendig.
Generelle krav til traineear i Framtidsfylket:
Du brenn for kommunikasjon og ønsker å lære og få erfaring i eit godt fagmiljø. Du tar initiativ og er løysingsorientert. Du har interesse for godt språk, er god på sosiale medium og har interesse for eller erfaring frå mediearbeid.
Som trainee i Lotteri- og stiftelsestilsynet vil du få:
• Ein spennande jobb som gir ein god start på karrieren
• Fagleg og personleg utvikling
• Ein mentor som følgjer deg opp
• Inngåande kjennskap til frivillig sektor i Norge, samt korleis pengespel og stiftelsar blir regulert
• Godt innblikk i statleg forvaltning
• Eit breitt innsyn i næringslivet i Vestland
• Nettverk med andre traineear – inkludert fire samlingar og ein utanlandstur
Vi held til i moderne lokale midt i Førde sentrum. Her er det trening i arbeidstida, fleksitid, felles kantine og trimrom. Du blir tilsett i august 2021 med løn etter avtale.
Lurer du på noko? Kontakt oss:
Kommunikasjons- og strategidirektør Marie Havnen svarer gjerne på spørsmål, på 41630884 eller marie.havnen@lottstift.no