Sogn og Fjordane Energi Hovedbilde

Framtida vår er fornybar og digital

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Lønsmedarbeidar Sogn og Fjordane Energi Gloppen Fulltid
Sogn og Fjordane Energi Logo

Sogn og Fjordane Energi

Sørstrandsvegen 227
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Ole Bent Søreide
91391733

Søknadsfrist

15. januar 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Kloden vår ropar etter klimatiltak, og fornybar energi er ein avgjerande del av løysinga. Både produksjon av ny fornybar energi, og eit effektivt straumnett for elektrifiseringa av samfunnet, er avgjerande for å lykkast.

I SFE skal vi saman skape denne fornybare framtida.

Framtida handlar også om å nyttegjere oss av moglegheitene engasjerte mennesker, kompetanse og teknologi gir oss. Digitalisering vil vere sentralt i SFE for både å utvikle og levere framtidas produkt og tenester. Dette i tillegg til å utvikle eigen organisasjon og prosessar.

Vil du vere med å bidra?

Arbeidsoppgåver

Som lønsmedarbeidar vil arbeidskvardagen din i stor grad bestå av :

  • Registrering og vedlikehald av løns- og personaldata
  • Kontroll av arbeidstid og timeføring
  • Handsame godtgjersle og utlegg ved reiser, samt personaltrekk
  • Oppfølgjing elektroniske køyrebøker
  • Lønskøyring, etterkontroll og -oppfølgjing
  • Oppfølgjing av refusjon ved sjukefravær mot Altinn og våre leiarar
  • Innrapportering og oppfølging av pensjon
  • Rapportering og statistikker til offentlege mynder - A-melding
  • Årsavslutting av lønsområdet
  • Utvikling av gode rutiner, prosessar og effektive arbeidsflytar
  • Utvikle og sikre gode systemintegrasjonar mot lønssystemet
  • Vidareutvikle lønsområdet innan digitale løysingar og grensesnitt
  • Halde seg oppdatert når det gjeld endringar i lover og reglar innan området

SFE er i dag i gang med ein prosess for skifte av lønssystem. Dette er ein mulegheit for å kunne vere med å påverke, bli kjend med systemintegrasjonar, datafangst og -flyt, systemfunksjonalitet og lønsprosessen.

Del av din arbeidskvardag vil i tillegg vere å delta i avdelinga sine personaladministrative oppgåver, rådgjeving og støtte innan HR-området.
Dette t.d. støtte og rådgjeving innan avtaleverk og ordningar, pensjon, forsikring, søknads- og rekrutteringsadministrasjon.

Om deg

  • Relevant utdanning/erfaring innan løns- og HR-området frå ei større verksemd
  • God kjennskap til lov- og regelverk innan løns- og HR-området
  • God it- og systemkompetanse
  • Har i utstrakt grad nytta Excel som arbeidsverktøy
  • Har evne til å jobbe sjølvstendig
  • Er ansvarleg, strukturert og nøyaktige
  • Er serviceinnstilt og løysingsorientert
  • Gode samarbeidseigenskapar

SFE-konsernet har hovudkontor på Sandane i Nordfjord, der også størstedelen av administasjonsfuksjonane er plassert

SFE arbeider aktivt og målretta med å styrke mangfaldet i konsernet.

Sogn og Fjordane Energi Kulturbilde