Løns- og personalmedarbeidar

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Løns- og personalmedarbeidar Stad kommune Stad Fulltid

Om stillinga

Stad kommune har ledig 100 % fast stilling som løns- og personalmedarbeidar frå så snart som mogleg. Stillinga er plassert i stabseining for personal og kommunikasjon. Arbeidsstad er i utgangspunktet Nordfjordeid, men det kan avtalast arbeidsstad i Selje i enkelte periodar.
Stabseining for personal og kommunikasjon skal legge til rette for gode organisasjons- og personalprosessar, god dokumentforvaltning og god informasjon og kommunikasjon internt i organisasjonen og ut mot innbyggjarane.
Eininga har i dag ansvar for oppgåver i samband med løns-, personal- og arbeidsgjevarfunksjonane og skal støtte og legge til rette for dei 32 einingane i Stad kommune. Eininga har også ansvar for post- og arkivfunksjonane inkludert dokumentforvaltning i fleire av fagsystema i kommunen. Vi skal også legge til rette for auka digitalisering av tenester. Eininga har vidare ansvaret for sentralbordet i Stad kommune og publikumsfunksjonar i Stad rådhus. Eininga legg til rette for og koordinerer politiske møte, valgjennomføring, informasjon og kommunikasjon og bidreg til å gjennomføre ulike arrangement i regi av kommunen.
Vi treng no å styrke oppgåvegjennomføringa på løns- og personalområdet.

Arbeidsoppgåver

  • Som løns- og personalmedarbeidar vil du få ansvaret for å følgje opp og vere kontaktperson for einingsleiarane i spørsmål som gjeld løn og arbeidsvilkår. Du er primærkontakt for definerte einingar etter intern fordeling, men arbeider i team med dei andre lønsmedarbeidarane for å sikre overlapping.
  • Arbeid i samband med lønsregistrering, lønskøyring og sjukepengerefusjonar
  • Ansvar for å følgje opp og halde ved like lønssystemet og tilhøyrande forsystem
  • Bidra til å vidareutvikle og digitalisere løns- og personalsystemet
  • Saksbehandling på personalområdet etter intern fordeling
  • Bidra til å utvikle og forbetre rutinar og reglement

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant utdanning på høgskulenivå med hovudvekt på økonomi
  • Gjerne vidareutdanning innan revisjon, rekneskap, ikt eller juridiske fag
  • Gjerne kjennskap til lov- og avtaleverket på løns- og personalområdet
  • Kjennskap til arbeidstidsordningar i helsesektoren, inkludert kjennskap til turnus og turnussystem vil vere ein stor fordel
  • Godt språk både munnleg og skriftleg
  • Gjerne erfaring frå liknande arbeid i offentleg eller privat verksemd
  • Kjennskap til fagsystem som Visma enterprise, Expense, Tieto ressursstyring (RS), Acos websak, Webcruiter og Compilo vil bli tillagt vekt
  • For stillingskode som førstekonsulent vert det stilt krav om relevant bachelorutdanning

Om deg

  • Evne til å organisere arbeidsoppgåvene og følge fristar
  • Evne til å takle mange arbeidsoppgåver og høgt tempo
  • Evne til å arbeide sjølvstendig men også i team
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Ser verdien av god og tydeleg kommunikasjon
  • Nøyaktig og tek initiativ til forbetringsarbeid
  • Bidrar positivt i arbeidsmiljøet

Vi tilbyr

  • Eit godt fag- og arbeidsmiljø og varierte oppgåver
  • Løn etter kommunalt avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høve til kompetanseheving og vidareutvikling
  • Flyttegodtgjersle