Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Luster kommune | Luster | Fulltid |
Indre Hafslo skule har komande skuleår 38 elevar frå 1.-7. klasse, og er tredelt. Skulen er del av Indre Hafslo oppvekstsenter som også husar SFO og ein barnehage med to avdelingar.
Ved Indre Hafslo skule er me opptekne av kontinuerleg utvikling av det pedagogiske arbeidet. Arbeidet blir organisert i team på klassenivå og i samarbeid på tvers av klassane med andre lærarar og pedagogiske medarbeidarar.
Skulen vart bygd i 2007, og har gymsal, kjøken og bibliotek i tillegg til dei tre klasseromma. Uteområdet er stort, og i tillegg har me tilgang til eit skogsområde like ved der me har uteskule kvar veke.
Det er ledig 100 % fast stilling som lærar ved Indre Hafslo skule frå 1. august 2022. Stillinga inngår som ei av seks faste lærarstillingar ved skulen.