Lærar ved Selje skule

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Stad kommune Stad Deltid

Om stillinga

Stad kommune har ledig 60% vikariat som lærar ved Selje skule frå 01.10.2022 til 31.07.2023.

Selje skule er ein 1-10 skule, som ligg i Selje sentrum. Skulen vil skuleåret 2022-2023 ha ca. 140 elevar. Vi er opptekne av at alle elevane ved skulen skal trivast og tilhøyre fellesskapet. Dei tilsette er positive til utvikling og arbeider tett saman i team.

Fagønskje: Brei fagkompetanse, grunnskulelærar 1-7 / 5-10 / allmennlærar, gjerne med utdanning innan spesial- eller sosialpedagogikk.

Det kan bli fleire ledige stillingar ved skulen for skuleåret 2022/2023.

Meir informasjon om Selje skule finn du på nettstaden www.stad.kommune.no. og selje.skule.no

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere opplæringa
  • Leie læringsarbeid i klasse og gruppe
  • Samarbeid med føresette og ev andre samarbeidspartar
  • Team- og tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonskrav

  • Vi ser etter deg som likar å jobbe med barn og unge, som har god relasjonskompetanse og evne til å skaper trygge og føreseielege dagar for elevane
  • Du som har blikk for den einskilde, men også for det som må til for fellesskapet for å skape eit trygt og godt læringsmiljø for elevane.
  • Vi søkjer lærar med brei fagleg kompetanse, grunnskulelærar 1-7 / 5-10/allmennlærar, og gjerne med kompetanse innan spesial- eller sosialpedagogikk. Andre kvalifiserte søkjarar med anna relevant høgskuleutdanning kan også bli vurdert

Om deg

  • Kan leie klasse og gruppe på ein god og inkluderande måte
  • Gode samarbeidsevner og vilje til å arbeide i team
  • Er sjølvstendig og systematisk
  • Har god vurderingsevne og god rolleforståing
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Er utviklingsorientert
  • Gode kunnskapar innan IKT

Vi tilbyr

  • Godt lærings- og arbeidsmiljø
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høve til fagleg utvikling

Vi ber om at søkjarane lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden, samt oppgir undervisningsrelevant referanse av ny dato.

Stad kommune har seks månader prøvetid. Den som blir tilsett, må leggje fram politiattest av nyare dato.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

For meir informasjon om stillinga kan du ta direkte kontakt med rektor Ellen Rundereim.