Trainee: Prosjektleiar for grøn omstilling og sirkulær økonomi Bilde

Vil du bli med på laget for å legge til rette for eit grønare samfunn og næringsliv ?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Prosjektleiar for grøn omstilling og sirkulær økonomi Kunnskapsparken Vestland Sogndal Trainee
Kunnskapsparken Vestland Logo

Kunnskapsparken Vestland

Fosshaugane Campus-Trolladalen 30
6856 Sogndal
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Jøril Hovland
48219780

Søknadsfrist

1. april 2022

Du søker traineestilling hos Kunnskapsparken Vestland, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Om stillinga

Vi tilbyr trainee-stillingsom prosjektleiar, der stillinga er del av Framtidsfylket sitt traineeprogram i 2022/23. Kontorstad er Sogndal.

Du er ein engasjert, sjølvgåande, utadvent og strukturert person. Du er ein lagspelar og nettverksbyggar med samfunnsforståelse- og engasjement. Og i desse endringstider likar du å ha fokus på mulegheiter framfor problem. Om du har teknisk utdanning og kompetanse vil det gi eit fortrinn.

Arbeidsoppgåvene er allsidige med hovudvekt på;

  • Delta i pågåande prosjekt
  • Initiere og utvikle nye grøne prosjekt og verdikjeder i den sirkulære økonomien
  • Mobilisere bedrifter og anna næringsliv til deltaking
  • Samhandle med FoU-institusjonar, verkemiddelapparat og andre relevante organisasjonar.

Som prosjektleiar hjå oss vil du få ei allsidig rolle med gode utviklingsmoglegheiter, og i stor grad kunne påverke eigen arbeidsdag.

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Ønska kvalifikasjonar er relevant høgare utdanning, gjerne med teknologisk kompetanse og prosjektleiing.

Kunnskapsparken Vestland Kulturbilde