Luster Sparebank Hovedbilde

Vil du bli vår nye kunderådgjevar?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Kunderådgjevar personmarknad Luster Sparebank Luster Fulltid

Om stillinga

Me ser etter nokon som likar å jobbe med kundar, og som blir motivert av å skape gode kundeopplevingar. Å utvikle banken sine relasjonar til både eksisterande og nye kundar vil vere ein viktig del av jobben.

Arbeidsoppgåver

  • · Breidderådgjeving innan kreditt, forsikring og sparing

  • · Ansvar for eigen kundeportefølje

Kvalifikasjonskrav

  • · Relevant høgare utdanning
  • · God økonomisk forståing
  • · Erfaring frå kunderetta rådgjeving/sal
  • · Gjerne autorisert innan kreditt/forsikring/AFR

Om deg

Me ser etter ein person som er god på å finne dei rette løysingane for kunden i forskjellige fasar av livet.

Du må ha ei positiv innstilling som verdset godt arbeidsmiljø med lagspel og arbeidsglede.

Vi tilbyr

Ei fast stilling med spanande og varierte oppgåver som vert løyst i lag med trivelege arbeidskollegaer.

Gode velferdsordningar, fleksitid og løn etter avtale.

Moglegheit for fagleg og personleg utvikling.

Bli med på utviklinga i Luster Sparebank, der gode løysingar og service til kundane står i fokus.