Kulturskulelærar - dans

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Stad kommune Bergen Deltid
Stad kommune Logo

Stad kommune

Rådhusvegen 11
6770 Nordfjordeid
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Benedikte Dæmring
41163174

Søknadsfrist

28. juli 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Stad kulturskule har ledig 70% vikariat som dansepedagog i perioden 01.08.2022 – 31.12.2022, med moglegheit for forlenga tilsetjingsperiode. Vi søkjer deg som har høgare utdanning og/eller relevant erfaring innan dans og pedagogikk. Stillinga inneber undervisning i heile Stad kommune, det er difor eit krav at du har førarkort klasse B og at du disponerer bil.

Stad kulturskule er ein aktiv og synleg aktør i kommunen sitt kulturliv. Det er eit høgt fagleg nivå i kollegiet, og eit godt og kreativt arbeidsmiljø. Vi har eit utstrakt fagleg samarbeid i kollegiet og gjer større årvisse samarbeidsprosjekt med mellom anna Opera Nordfjord, Musikallinja på Fjordane folkehøgskule, Malakoff rockfestival og Sal og Scene ved Eid Ungdomsskule. Dette gjer kulturskulen til ein spanande og utfordrande arbeidsplass.

No søkjer vi ein dyktig danselærar som kan vere med å skape entusiasme og oppslutning gjennom fagleg dyktigheit og positivt engasjement!

Arbeidsoppgåver

  • Undervising i grupper på aldersnivå frå 3 til 19 år
  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av pedagogisk arbeid med elevar, frå nybyrjar til vidarekome nivå
  • Planlegging og gjennomføring av større og mindre danseframsyningar, samt anna kulturskulearbeid knytt til danseundervisninga og samarbeidsprosjekt

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning innan dans på høgskulenivå eller tilsvarande
  • Ynskjeleg med PPU eller anna pedagogisk utdanning
  • Du kan undervise enkeltelevar og grupper på ein fagleg god og inkluderande måte
  • Du må ha førarkort klasse B og disponere bil
  • Relevant erfaring og personlege eigenskapar kan óg vektleggast

Om deg

  • du ønskjer å vere ein del av heilskapen i Stad kulturskule, og samarbeide med dei andre fagretningane og samarbeidspartnarane våre
  • du har gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
  • du har gode samarbeidsevner og bidreg sosialt og fagleg i kollegiet
  • du er initiativrik, sjølvstendig og systematisk

Vi tilbyr

  • Eit godt og kreativt arbeidsmiljø
  • Løn etter kommunal tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

For nærare opplysningar om stillinga, kontakt kultursjef Geir Holmen, tlf. 907 79 933 eller kulturskulerektor Benedikte Dæmring 411 63 174
Vi ber om at søkjaren lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden, samt oppgir undervisningsrelevant referanse av ny dato.
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Oppmoding om unnatak må grunngjevast.