Kreftkoordinator i Stad kommune

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Stad kommune Stad Fulltid

Om stillinga

Likar du å jobbe med kreftomsorg , kvalitetsforbetring, implementerings- og rettleiingsarbeid ? Då er dette stillinga for DEG !
Vi søkjer engasjert og fagleg dyktig sjukepleiar til stilling som kreftkoordinator i Stad kommune.
Stillinga er lagt til heimetenesta på Nordfjordeid, som er sentralt plassert i kommunen. Plasseringa legg godt tilrette for samarbeid med spesialisthelsetenesta.Stillinga er fordelt med 25% administrativ tid til Kreftkoordinator og 75% som sjukepleiar. Stillinga som sjukepleiar vil bestå av dagarbeidstid i vekene og arbeid omlag kvar tredje helg.
I rolla som kreftkoordinator jobbar du med fleire spennande oppgåver. Du har mellom anna ansvar for overordna prosedyrar og rutinar, oppfølging og leiing av kommunen sitt eige ressursteam innan kreftomsorg/palliasjon og deltaking i nettverk i Sogn og Fjordane. Du deltar i utviklingsarbeid og prosjekt, arbeider utadretta og held deg oppdatert på nasonale føringar innan lindrande omsorg og kreftomsorg.
Kreftkoordinator skal vere eit lågterskeltilbod der tenestemottakarar eller andre kan kontakte kreftkoordinator i alle fasar av sjukdomsutviklinga. Rolla skal ivareta både pasient, pårørande, helsepersonell og andre aktuelle. Kreftkoordinator har eit tett samarbeid med legetenesta og spesialisthelsetenesta og skal vere eit bindeledd for dei ulike einingane innan helse og omsorg.
Kreftkoordinator er ikkje ei døgnbemanna teneste og erstattar ikkje andre tenester, som t.d.heimeteneste, praktisk bistand eller fritidskontakt. I stillinga som sjukepleiar vil du få ansvarsfulle faglege oppgåver. Du vil arbeide tverrfagleg saman med andre tenester for å gi eit best mogleg fagleg tilbod. Du vil kunne utvikle deg og få påverke eigen arbeidskvardag. Ved behov vil det være mogleg å frikjøpe meir tid til oppgåver som kreftkoordinator, t.d. i periodar der det krevs ekstra ressurs knytt til mellom anna opplæring, kurs og oppfølging internt/ekstern.
Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. Vi er opptekne av å utvikle tenestene i tråd med nasjonale føringar for morgondagens eldreomsorg. Vi legg vekt på å arbeide målretta med kompetanseutvikling, eit godt arbeidsmiljø for våre tilsette og god livskvalitet for brukarane våre. Sjekk oss gjerne ut på facebook eller instragram - Stad kommune.

Arbeidsoppgåver

  • Tilby hjelp og støtte til kreftramma og deira pårørande
  • Vere eit bindeledd mellom fastlege, spesialisthelsetenesta og kommunen, samt formidle kontakt mellom dei ulike kommunale tenestene
  • Svare på faglege spørsmål, gje rettleiing og samtalar, og er med på å sikre ei trygg og heilskapleg omsorg i heimkommunen
  • Vere ein støttespelar for barn og unge som er ramma av kreft, eller som er pårørande til kreftsjuke
  • Sjukepleiefaglege oppgåver, omsorg og medisinsk behandling
  • Kartlegging og vurdering av behov for brukarar
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
  • Rettleie studentar, lærlingar og kollegiale
  • Tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell som fysioterapeuter, lege og andre einingar.

Kvalifikasjonskrav

  • Offentleg godkjend/ autorisert sjukepleiar
  • Gjerne relevant vidareutdanning og kurs
  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Førarkort kl B

Om deg

  • Du jobbar for eit godt og utviklande arbeidsmiljø
  • Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
  • Du er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Du tek initiativ og ansvar
  • Du kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Du kan vise respekt for den enkelte brukar og familie, og tek sikte på å utforme tenesta i samråd med tenestemottakar


For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre tenestemottakarar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og anbefalte behandlingsmetodar.

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Moglegheit for inkludert 10 % frie timar i turnus
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Dei som har årsarbeidsplan har høve til å inngå avtale om å arbeide fleire helgar mot ekstra kompensasjon
  • Tilbod om flyttegodtgjersle dersom du vil flytte til kommunen vår
  • Tilrettelegging for vidareutdanning på område som kommunen har behov for


Vi ber om at attestar, vitnemål og relevante referansar vert lagt ved søknaden.
Stad kommune har seks månader prøvetid. Poitiattest skal leggast fram før start i stillinga. Aktuelle søkjarar må ha førarkort.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ring oss gjerne for ein prat, så fortel vi meir!