Hos Vestlandsforsking har vi ledig ei doktorgradsstilling om stordata Bilde

Har du lyst til å ta ein doktorgrad om stordata?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Hos Vestlandsforsking har vi ledig ei doktorgradsstilling om stordata Vestlandsforsking Sogndal Fulltid
Vestlandsforsking Logo

Vestlandsforsking

pb 163
6865 Sogndal
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Hans Jakob Walnum
95 89 90 32

Søknadsfrist

29. juli 2021

Om stillinga

Vestlandsforsking er eit regionalt forankra forskingsinstitutt som utfører forsking- og utviklingsoppdrag for næringsliv og offentleg sektor. Vi arbeider med forsking innan tre hovudområde: klima og miljø, reiseliv og teknologi og samfunn.

Forskarane våre utfører tverrfagleg og bruksretta forsking både på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Vestlandsforsking har om lag 30 tilsette og ein årsomsetnad på rundt 25 millionar kroner. Vi held til i Sogndal i Vestland fylke.

Er du interessert i stordata (big data) og nysgjerrig på ein karriere som forskar? Vi ønskjer å tilsetje ein stipendiat som kan tenke seg å forske på stordata som verktøy for innovasjon i næringslivet i Vestland.

Arbeidsoppgåver

Vi har ei ledig stilling på feltet stordata i prosjektet Teknoløft Sogn og Fjordane – eit seksårig samarbeid mellom Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet. Prosjektet starta opp i 2018 og er finansiert av Forskningsrådet. Hovudmålet er å gje næringslivet tilgang til relevant forsking og utdanning i sin region.

Digitalisering, automatisering, robotikk og stordata vil vere blant dei store satsingsområda i næringslivet dei kommande åra, og ei grunnleggande forståing av teknologien vil vere avgjerande for utviklinga framover.

Kva faktorar som vil føre til verdiskaping frå stordata-teknologi i små og mellomstore bedrifter, er lite kjent. Det er behov for å auke kunnskapen om korleis stordata kan brukast i utviklinga av nye løysingar for bedriftene. Forskingsprosjekta tek sikte på å etablere ein kunnskapsplattform for bruk av stordata-teknologi i næringslivet i regionen, gjennom bruk av metodar frå maskinlæring og data-mining på reelle test-case.

Kvalifikasjonskrav

For å vere kvalifisert til ph.d.-stillinga, må du som eit minimum ha ein mastergrad i statistikk, matematikk, informatikk eller eit relatert område. Vi legg vekt på gode kunnskapar om maskinlæring, data-mining eller relaterte metodar. Det er ønskeleg at du har kjennskap til, og erfaring med, programmerings- og skriptspråk som til dømes Python eller R.

Om deg

Du må trivast med oppdragsforsking og kunne inngå i faglege fellesskap på tvers av disiplinar. Vi legg vekt på sjølvstende, gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, arbeidskapasitet og evne til å inngå i faglege fellesskap på tvers av disiplinar. I tillegg er det viktig at du er i stand til å formulere deg godt, både munnleg og skriftleg, på norsk og engelsk.

Vi tilbyr

Vi tilbyr fagleg interessante og utviklande oppgåver. Vestlandsforsking har eit godt, tverrfagleg arbeidsmiljø og har velutvikla samarbeidsnettverk både på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Vi tilbyr fleksibel arbeidstid og gode ordningar for pensjons, forsikring og velferd.

Løn etter avtale. Arbeidsstad er Sogndal.

Søknad med CV og publikasjonsliste, karakterutskrifter/vitnemål og eventuelle attestar, kan og sendast til Vestlandsforsking, postboks 163, 6856 Sogndal

Vil du vite meir om stillinga? Ta kontakt med oss!

Vestlandsforsking Kulturbilde